SIMAS søkjer ein engasjert og initiativrik driftsoperatør med særleg ansvar for ombruk.
Hjå oss får du ei sentral rolle i vidaresatsinga vår på ombruk. Du skal bidra til å utvikle gode arbeidsmåtar, skape engasjement og få ombruk til å bli ein naturleg del av den daglege drifta på miljøstasjonane våre.
Primært søkjer me etter ein person som skal arbeide med ombruk, men som også må rekne med å delta i den ordinære drifta ved miljøstasjonane våre.
Dette er ei stilling for deg som likar kombinasjonen av praktisk arbeid, menneske og utvikling. Du får ei sentral rolle i å vidareutvikle ombruksarbeidet i SIMAS og bidra til at ombruk blir ein naturleg del av den daglege drifta på miljøstasjonane våre.
Du skal ikkje gjere dette åleine. Ei av dei viktigaste oppgåvene blir å få med deg resten av laget, dele kunnskap, skape engasjement og bidra til at me saman klarer å ta ut meir til ombruk. Du skal samarbeide med dei andre driftsoperatørane våre og bidra til gode rutinar og arbeidsmåtar på tvers av miljøstasjonane. Her får du høve til å påverke korleis SIMAS skal arbeide med ombruk framover.
Arbeidsstad: Festingdalen på Kaupanger, med arbeid på miljøstasjonane i eigarkommunane våre
Omfang: Fast, heiltid
Søknadsfrist: 10. desember 2026
Spørsmål om stillinga: kontakt Jan Frode Bolstad, janfrode@simas.no
Interessert? Søk via Jobbnorge