Kva gjer du med feittet frå ribba?

Jul
Foto: matprat.no

Ikkje hell det i vasken eller toalettet.

Ribbefeitt er perfekt til gjenbruk. Det smakar nydeleg, og har mange bruksområde. Du kan helle det over dei omnsbakte potetene, eller bruke det i sausar, supper og dressingar. Du kan òg fryse det ned i terningar, og bruke det til å lage brun saus til søndagsmiddagen i lange tider framover.

Ribbefeitt kan gjere stor skade på røyr og avløp

Du må i alle fall ikkje helle det ut i vasken eller toalettet. Det kan føre til store skader på røyr og avløp, det kan òg tiltrekke seg skadedyr.

Dersom du ikkje får brukt opp matfeittet, og vil kvitte deg med det, er det matavfallet som er rette sorteringa.

Sjå sortere.no og følg tilrådd framgangsmåte:

Steikefeitt er feitt og matolje, og vert sortert som matavfall.

  • La feittet stivne (avkjøl) før du kastar i matavfall.

  • Tørk av restar av fett/olje frå steikepanna med tørkepapir.

  • Små mengder kastas i matavfallet, større mengder leverast på miljøstasjonen. Større mengder frityr- og matolje heller du i tette behaldare og leverer på miljøstasjonen.

Les meir på fettvett.no.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Avfallskalendrar for 2021

Neste
Neste

Opningstider jul og nyttår