Kjeldesortering - korleis og kvifor? Informasjonsmøte i Årdal

Usikker på korleis sortere? No får du sjansen til å spørje om det du lurer på, når SIMAS arrangerer informasjonskveld i Årdal 6. februar.

Frå 1. januar tok SIMAS over avfallhandteringa i Årdal. Me forstår at det kan vere mykje nytt å setje seg inn i, og ønskjer å hjelpe abonnentane med å sortere riktig. Difor arrangerer me informasjonskveld om ressurshandtering på heimebane.

  • Tid: Tysdag 6. februar kl. 19:00 - 20:00

  • Stad: Årdal kulturhus

Send gjerne inn spørsmål i forkant, anten på e-post til jorn@simas.no eller via Facebook-arrangementet. Då kan me forberede ein best mogleg presentasjon. Det blir óg moglegheit for å stille spørsmål under sjølve arrangementet.

Sjåast me der?

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Elevar skal utvikle “SMARTere teknologi” for meir ombruk

Neste
Neste

Snart blir det endå meir ombruk i Festingdalen