Kan kompostjorda vår vere eit godt klimatiltak?

kompostjordprosjekt.jpg

SIMAS er i gang med spennande kompost-prosjekt.

Saman med NLR Vest (Norsk Landbruksrådgjeving) og produsentar i Lærdal Grønt er me i gang med prosjektet «Lokal kompost som klimatiltak». Me ønskjer å sjå kva effekt tilførsel av kompost i jord kan ha på jordkvalitet, avling og ikkje minst klima.

– Me håper at matavfallet til innbyggjarane i Sogn kan bli ein nyttig ressurs. Dette prosjekteter i tråd med sirkulær økonomi, der ein ønskjer at resursane i matavfallet kan gå attende til matproduksjon, fortel Dagny Ugulsvik Alvik, HMS- og kvalitetseleiar i SIMAS.

Viktig karbonkretsløp

Karbon i jorda er ikkje berre viktig for å få til gode vekstvilkår, det er òg viktig for jordbruket sitt klimaregnskap fordi det binder opp CO2 og kan redusere bruken av kunstgjødsel. 

Skal ein få til å lagre karbon i jorda, er ein avhengig av både plantar og jordliv. Karbon vert tilført via plantane sin fotosyntese og ved anna tilførsel av organisk materiale.

– SIMAS produserer i dag ein næringsrik kompost av mat-, hage- og parkavfall. Dette kan vere eit viktig middel for både jordforbetring og tilførsel av karbon i jorda. Dette håper me at særleg bønder og fruktprodusentar kan ha nytte av, fortel Ugulsvik Alvik.

Prosjektet har fått tildelt 125.000,- frå Landbruksavdelinga til Fylkesmannen (Klima- og miljøprogrammet). Målet er å auke erfaringa med bruk av kompost i landbruket på Vestlandet.

Forsøk i potetåker og morellfelt

Me er i gang med forsøk i potetåker og morellfelt. I oktober arrangerte NLR fagdag om jord og jordforbetring, i samarbeid med SIMAS og Sogn jord- og hagebruksskule, for å sjå om me har positiv utvikling i forsøka så langt.

I potetåkeren vart det sådd fangvekstar i juli, etter at tidlegpoteter vart hausta. Dette for å oppretthalde moldinnhaldet og gi mat til mikrolivet. Det vart tilført kompostjord i åkeren, for å oppnå auka innhald av sopp og organisk materiale. Her såg me at planterøtene er i gang med arbeidet.

I tunnelfeltet med morellar vart det lagt ut kompost og sauemøkk i fleire ruter i mai. Her vil me sjå på auke i moldinnhald ved bruk av kompost, og kva kompost og møkk gjer med livet i jorda og veksten i trea.

NLR fortel at dei allereie ser endringar i det øvste jordlaget. Mengde sopphyfar har gått ned, medan mengde bakteriar har gått opp. Røter frå morelltrea har vekse ut av jorda og opp i kompost eller møkk, eit teikn på at dei trivst. Det var òg ein del kokongar frå meitemark, det er eit godt teikn. Meitemarken er en viktig medhjelpar for å dra det nye organiske materialet djupt ned i jorda.

– Begge forsøksfelta skal følgjast opp med registreringar neste år, før prosjektet avsluttast til i des 2021. Dette vil gi ein første vurdering av bruken av kompost, men endringar i jord tek tid, så me håper å få muligheita til å følgje forsøksfelta over tid, fortel Dagny.

Sjå bilde frå fagdagen 8. oktober:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ikkje fått utlevert behaldar til glas- og metall?

Neste
Neste

Kva skal IKKJE i behaldaren for glas- og metallemballasje?