I denne dunken skal det kun vere papir og papp

Ikkje kast plast i dunken for papir og papp!

Det er ein del abonnentar som kastar plast i dunken for papir og papp. Spesielt er det mykje plastposar som sjølve pappen og papiret er kasta i, og som abonnentane då knyt att og kastar heile posen saman med papp og papir i dunken.

Dersom du brukar plastposar for å samle opp papp og papir, må du heller tømme ut papp og papir frå plastposen og ned i dunken slik at ikkje plastposen vert med i innsamlinga for papir og papp.

Det er viktig at sorteringa vert korrekt fordi gjenvinninga av papir og papp kan verte øydelagt med for mykje plast eller anna som ikkje høyrer heime i gjenvinningsprosessen.

Miljøgevinst, sparar energi og sparar Co2 utslepp

Det er mange gode grunnar til at du skal sortere papp og papir for seg sjølv. I Europa er det stort sett 50 % returpapir som vert nytta i produksjonen av nye papp- og papirprodukt. Ved bruk frå returpapir er trefibrane allereie separerte og det vert brukt mindre energi for å produsere papir fra returpapir enn frå tømmer. Trefibrane kan brukes om att 6-8 gonger før dei er utslitne.

Dersom me samanliknar energiforbruket ved produksjon av papir frå returfiber med forbruket frå fersk virke, er energiforbruket ved bruk av returpapir i underkant av 40 % av energiforbruket ved bruk av fersk virke. Me sparer 14 tre per tonn gjenvunne papir.

Alt av papir og papp kan gjenvinnast

Aviser, gavepapir, reklamebrosjyrer, kartong, kopipapir, mjølkekartongar, juicekartongar, papp, bølgjepapp, pappemballasje for frosenmat som ikkje er tilgrisa av mat og refilkartongar kan du leggje i papirbehalderen. Det er viktig at papp og papir er tørt, viss ikkje vil kvaliteten på gjenvinninga bli redusert.

Og plastikkposen din sorterer du som plastikk, eller du kan bruke posen på nytt til noko anna.

Forrige
Forrige

Ta vare på dei edle delane dine

Neste
Neste

SIMAS med i viktig forskingsprosjekt om plast