Hugs å moke snø for renovatøren

Me er heldige som fekk så mykje snø til jul i år - men nå når renovatørane er på jobb igjen, slit dei med å få med seg avfallet ditt om behaldaren er nedsnødd.

Slik kan du hjelpe:

  • Mok vekk snø oppå og rundt behaldarane

  • Strø på oppsamlingsstaden, så det ikkje blir glatt

  • Still behaldarane rett veg, med handtaket ut mot renovasjonsbilen

  • Still behaldarane samla på fleire rader heller enn på ei lang rad

  • Pass på at ikkje avfallet frys fast i behaldaren

Takk for hjelpa - og god romjul

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Slik kan du bruke opp restane frå julematen

Neste
Neste

No er tømmerutene for 2024 klare