Har du gamle dekk liggjande?

Lever dei gratis hjå SIMAS eller gje dei til dekkforhandlaren din

Alle dekkforhandlarar tek imot gamle dekk. Det går ofte av seg sjølv når du kjøper nye dekk då du slepp å ta med deg dei gamle heimatt. Dersom du likevel har dekk liggande som du skulle vore kvitt, kan du levere dei på ein av miløstasjonane våre. Det er gratis å levere dekk utan felg – med felg kostar det 50 kr per dekk.

Ikkje la dekka berre ligge å støve ned. Bildekk består i hovudsak av ulike gummiblandingar, men inneheld òg nokon tungmetaller og organiske miljøgifter. Difor er det viktig at dekka vert returnert.

Kva blir dekk til?

  • Underlag for veg

  • Støyvollar mot veg og bygningar

  • Store anleggsdekk kan nyttast som bryggefenderar langs kysten. I Noreg har me for lite av slike dekk, og må supplere med anleggsdekk frå Sverige.

Visste du at...

... gamle dekk kan verte til gummiasfalt? Ved å blanda gummi i asfalten vert det lengre haldbarheit på asfaltdekket.

.. til ei kunstgrasbane treng ein om lag 100 tonn gummigranulat, altså rundt 140 tonn kasserte dekk.

Korleis vert dekk gjenvunne

Dekka kan gjenbrukast som dei er, eller blir kverna til granulat av forskjellig storleikar avhengig av kva dei skal nyttast til.

Kasserte dekk vert henta av RagnSells AS, eller andre transportører som har fått oppgåva rundt i distrikta. Dei hentar dekk frå om lag 4000 henteplasser. Dekk frå Finnmark, Troms og Nordland vert køyrd til Kjøpsvik som er hovudmottaksplassen for Nord-Noreg. Kasserte dekk frå resten av landet (om lag 88 prosent) vert køyrd til Skjerkøya i Telemark som er hovudmottaksanlegget for Sør-Noreg.

Forrige
Forrige

Ser dunken din slik ut kan du få ny

Neste
Neste

Matrestane dine aukar kvaliteten til epletrea på Njøs