Gamle blomsterpotter fekk nytt liv på Spirefesten
Kan gamle blomsterpotter få nytt liv? Svaret er ja!
Under Spirefesten, arrangert av Sogndal Hagelag og HERO mottakssenter, deltok SIMAS med innleverte blomsterpotter og kompostjord. Her fekk mange unge høve til å pynte og lage sine eigne blomsterpotter – eit kreativt og berekraftig tiltak som skapte stort engasjement.
I løpet av dagen vart det også selt fleire sekkar med kompost, og SIMAS donerte kompostjord til hagen ved mottakssenteret.
Arrangementet viste korleis enkle grep kan gi nytt liv til brukte ressursar – og samstundes skape gode opplevingar for både store og små.