Endring i tømmeruter i Vik

Grunna for liten kapasitet på bilen vil deler av rute 202 bli tømt torsdagar, saman med rute 204. 

Deler av rute 202 i Vik kommune (tømming tysdag) vert inntil vidare flytta til rute 204 (tømming torsdag). Alle set ut behaldarane til vanleg tømming tysdag. Dei som ikkje får tømt behaldar då vil mellombels høyre til rute 204.

 
 
 
 

Endringen skjer grunna for liten kapasitet på bilen. Inntil me får på plass ein betre ordning, vil deler av rute 202 bli tømt saman med rute 204 på torsdagar. Enkelte har lik avstand til fleire standplassar og me er ikkje sikker på kven som nyttar kva standplass.

Difor ber me alle sette ut behaldarane til tømming tysdag som vanleg. Dei som ikkje får tømt sin behaldar tysdag høyrer mellombels til rute 204 og vil ha tømming torsdagar framover. Me vil gje deg besekjd (og sende deg ny melding) når ordninga opphøyrer. Dette kan ta fleire månadar.

Har du spørsmål, må du gjerne ta kontakt.

 

Her er kart over dei delane av rute 202 som vert flytta til rute 204:

Klikk på bilete for å få det større.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

SIMAS byggjer miljøpark i Luster

Neste
Neste

Administrasjonen er stengt fra 12.30 onsdag