Ein trygg arbeidskvardag..

Består av fleire faktorar, i dette tilfelle tenkjer me på arbeidskvardagen til renovatørane våre. Førre veke opplevde ein av dei å bli møtt av ein sky av kvitt pulver, då ein behaldar vart tømd. Pulveret vart brukt til å ta knekken på insekt, det er då heller ikkje godt for menneskje. Når ein behaldar med laust pulver blir tømd, er det ikkje til å unngå at renovatøren får dette i auga og lungene.

Emballasje som inneheld farleg avfall er merka godt, og skal handterast med varsemd!

For å unngå skade på menneskje og natur skal farleg avfall, restar frå farleg avfall og emballasjen leverast på miljøstasjon.

Neste
Neste

Haustinnsamling 2025