Det er tært, det er sirkulært

SIMAS og Studentsamskipnaden testar nye og kreative løysingar for å få studentane til å sortere meir.

Ei av dei største gruppene i Sogn er studentane ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Tal på studentar hausten 2025 til 2330, tilseier at dei utgjer ca 7% av befolkninga i Sogn. Dei kjem frå heile landet, med ei hovudvekt på vest og aust for Sogn. Og med dét har dei vakse opp med ulike avfallsordningar og ulike krav til sortering i heimen.  

Studentsamskipnaden på Vestlandet, Saman, kontakta SIMAS tidlegare i år, med eit ynskje om innspel på korleis dei kunne oppmoda studentane til betre sortering.

Bodskap skjult som pynt

Jørn Mortensen, rådgjevar kommunikasjon og berekraft hjå SIMAS, blei med på synfaring i studentheimane for å sjå etter moglegheiter. Saman har allereie, med system og merking, lagt godt til rette for sortering - med gode løysingar i leilegheitene og opphengde guidar for sortering.

Bodskap skjult som pynt, blei løysinga. Ved å henge opp eit bilete, på ein plass alle studentar brukar tid - rett over komfyren på kjøkkenet. Om du skal laga til ein tre-retters til stemnemøtet eller fyre opp en frossenpizza er du nøydd til å bruka tid ved omnen. Tanken var at studentane vert eksponert for bodskapet om at dersom me sorterer, kan ressursane få vidare liv, og det me kastar i restavfallet blir brent og borte.

Sjå illustrasjonen under, om du har innspel på forbetring eller ønskjer eit eksemplar - ta kontakt på jorn@simas.no.

Tært betyr: digg, fin, bra.

Illustrasjonen som viser nøgde ressursar i eit sirkulært kretsløp er utvikla saman med Gasta design.

Tilbakemelding frå studentane

I arbeidet med utviklinga av plakaten blei det gjort små undersøkingar for å teste ulike utkast på målgruppa. I ettertid har me igjen vert innom Campus i Sogndal, for å høyre om nokon har lagt merke til den nye pynten på kjøkkenet.

Me fekk tak i ein engasjert student ved namn Torolv Røberg, som gav verdifull innblikk i korleis det har vore å bli eksponert for bodskapen

  • Artig å sjå dei ulike tinga personleggjort, glade med stjerne i auga

  • Det som sorterast som restavfall fell ned i avgrunnen

  • QR-kodane kunne vore meir synlege

Torolv fortel at han opplev sorteringa i kollektivet som god og stadfestar at Saman har lagt godt til rette for rett sortering i bueiningane til studentane.

Torolv Røberg synar fram plakat med den nye illustrasjonen.

Forrige
Forrige

Jobbe hjå SIMAS i sommar? Me søkjer sommarvikarar

Neste
Neste

SIMAS hentar juletreet ditt i januar