Tilboda står i kø, og det kan vere freistande å handle når prisane blir sette ned. Men treng vi eigentleg alt vi kjøper? Med nokre enkle grep kan vi spare både pengar og miljøet for unødvendig forbruk.
Det beste kjøpet er kanskje det du ikkje gjer
Black Friday og Black Week nærmar seg, og butikkane lokkar med store rabattar. Det kan vere lurt å nytte seg av gode tilbod på ting vi faktisk treng, men det er også lett å kjøpe meir enn vi hadde planlagt.
Alt vi kjøper, krev ressursar å produsere og transportere. Før eller seinare blir mykje av det også til avfall. Difor er det viktig å tenkje gjennom kva vi faktisk har behov for.
7 tips for å unngå unødvendige kjøp
1. Lag ei liste over det du ikkje treng
Vi kjenner alle til handlelista, men kva med å lage ei liste over ting du ikkje treng meir av? Kanskje har du allereie nok klede, kjøkkenutstyr eller elektronikk?
2. Vent litt før du handlar
Får du plutseleg lyst på noko? Vent gjerne eit par dagar før du bestemmer deg. Kanskje finn du ut at du ikkje treng det likevel.
3. Tenk gjennom kvar du skal ha det
Har du plass til det du vurderer å kjøpe? Og kjem du faktisk til å bruke det? Dette er gode spørsmål å stille seg før ein handlar.
4. Kjøp det du faktisk treng
Har du planlagt å kjøpe noko ei stund, kan Black Week vere eit godt tidspunkt. Men ikkje la eit godt tilbod lokke deg til å kjøpe noko du elles ikkje ville kjøpt.
5. Sjå på kva du brukar, ikkje kva du sparer
Ein vare til halv pris kan verke som eit kupp. Men hugs at du framleis brukar pengar, sjølv om prisen er sett ned.
6. Sjekk kva du har frå før
Før du kjøper noko nytt, ta ein titt i skåp, skuffer og bod. Kanskje har du allereie det du treng? Ting du ikkje brukar, kan du selje, gje bort eller levere til ombruk.
7. Hugs at alt vi kjøper, kan bli til avfall
Jo meir vi kjøper, desto meir avfall kan vi ende opp med. Ved å kjøpe mindre, reparere og bruke ting om igjen kan vi redusere avfallsmengda og ta betre vare på ressursane våre.
Gje tinga nytt liv med SIMAS Ombruk
Har du ting heime som du ikkje lenger brukar, men som framleis er i god stand?
På miljøstasjonane våre finn du eigne ombruksavdelingar der du kan levere ting som andre kan få glede av. Du kan også plukke med deg ting heilt gratis!
Vi har i tillegg ein ombruksbutikk i samarbeid med Poden & Boden på Thon Senter Sogningen.
Ved å bruke om igjen i staden for å kjøpe nytt, bidreg vi til mindre avfall og redusert behov for nye råvarer.
Små val kan gjere ein stor forskjell
Det handlar ikkje om å slutte å handle, men om å ta meir gjennomtenkte val. Ved å kjøpe berre det vi treng, ta vare på det vi har og velje brukt når vi kan, bidreg vi til mindre avfall.
Så før du trykkjer på kjøpsknappen: Treng eg dette, eller har eg noko som fungerer like godt frå før?
Kjelde: Samfunnsbedriftene – 7 råd til deg som egentlig ikke trenger noe