Årdølene klare for kjeldesortering

SIMAS-direktøren fortel om fordelane med ein meir sirkulær økonomi.

På nyåret tek SIMAS over avfallshandteringa i Årdal. Førre veke stilte mange årdøler på informasjonskveld for å få svar på det dei lurte på.

Tysdag 21. november og onsdag 22. november blei det haldt informasjonsmøter i Øvre Årdal og på Årdalstangen.

Her blei det presentasjon av SIMAS og informasjon om kjeldesortering, gebyr og dunkar, samt spørsmålsrunde i plenum.

Etterpå var det óg individuelle stands med ulike tema: dunker, kjeldesortering, heimekompost. Her kunne ein stille spørsmål individuelt om det ein lurte på.

Informasjonsmøta blei óg omtalt i Sogn Avis.

 

Me er veldig glade for at så mange kom, for det syner at det er engasjement blant innbyggarane. Eit godt utgangspunkt, seier Dagny Ugulsvik Alvik, direktør i SIMAS.

 

Nye behaldarar blir delt ut i veke 46-50, og frå 1. januar 2024 vil det starte opp ei fullverdig avfallsordning i kommunen.

Ein del av spørsmåla frå innbyggarane, var knytt til korleis ein skal sortere dei ulike fraksjonane - altså kva type avfall som skal i kva dunk. Me anbefaler å søke opp det ein skal kaste på sortere.no, der finn ein svar!

Meir om samarbeidet i Årdal
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Triks for å unngå at avfallet frys fast

Neste
Neste

Bli med på Green Friday i Sogndal