Treng hagen din næring? 5 gode grunnar til å bruke SIMASkompost
SIMAS tilbyr næringsrik kompostjord for deg som ønskjer frodig vekst. Her ser du nokre av fordelane ved å velje SIMASkompost.
Gjenbruk av mat- og hageavfall
SIMASkompost er laga av mat- og hageavfall frå abonnentane våre i Sogn. Det vil sei at det er eit kortreist og miljøvenleg produkt. Me tek alt våtorganisk avfall gjennom ein godkjent komposteringsprosess og blandar med hageparkavfall, og den videre prosessen tek om lag eit år før komposten er klar til bruk.
2. Full av næring for planter og jord
SIMASkompost er rik på karbon, mikroorganismar og næring som er positivt for jordsmonnet og plantane. Me tilbyr fire typar kompostjord, tilpassa behov og bruksområde.
3. Rimeleg og effektivt
Å velje kompostjord frå SIMAS er eit rimeleg verktøy for å sikre frodig vekst i hagen. Me sel kompostjord i store og små kvantum, ut frå kva behov du har. Sjå prisar på SIMASkompost her.
4. Eit naturleg alternativ til kunstgjødsel
Vil du unngå bruk av kjemiske produkt? Komposten vår er eit 100 % naturleg alternativ til kunstgjødsel. Komposten gjer jorda meir levande og bidreg til eit sunnare miljø for planter, insekt og mikroorganismar. Komposten blir registrert hjå Mattilsynet, og stettar krava til Gjødselvareforskrifta.
5. Fri for ugras, frø og brunsniglar
Kompostjorda er fri for store steinar, ugras og brunsniglar. I komposteringsprosessen vert det utvikla store mengder varme slik at alt av bakteriar, frø og liknande døyr. Prosessen vil normalt ta knekken på det meste av ugrasfrø og snigleegg.