– Om 30 år er me eit grønt, sjølvforsynt og sirkulært samfunn

Styreleiar Torunn Hønsi t.v. saman med ordførarar og direktør Dagny Alvik på markeringa.

Det spådde SIMAS sin styreleiar på 30-årsjubileet i helga.

Laurdag 25. mai 2024 var det Open dag på anlegget i Festingdalen, som del i markeringa av 30 år med renovasjon i Sogn.

På arrangementet var det gratis for abonnentar å levere avfall og hente kompost. Det var kaffi og kake til alle, og rebusløype på området for dei små.

Direktør i SIMAS, Dagny Ugulsvik Alvik var strålende fornøgd med dagen:

– Det vart ein flott dag i strålande solskinn. Eg vil takke alle som kom!

Eigarkommunane var óg godt representert: Andreas W. Wiese (ordførar i Luster), Stig Ove Ølmheim (ordførar i Sogndal), Marta Sofie Vange (varaordførar i Vik) og Audun Mo (ordførar i Lærdal) deltok på markeringa.

Leiar for representantskapet, Audun Mo, innleia dagen med ei tale der han gav eit historisk tilbakeblikk, løfta fram SIMAS som eit godt døme på interkommunalt samarbeid og understreka kor viktig arbeidet med renovasjon er i Sogn.

På vegne av styret i SIMAS, heldt styreleiar Torunn Hønsi jubileumstale der ho vende blikket framover for dei neste 30 åra.

– SIMAS har tatt og vil ta ei stadig større rolle som pådrivar og samarbeidspartnar for berekraftig samfunnsutvikling og grøn næringsutvikling rundt avfallsressursar i sognekommunane, sa ho til forsamlinga.

– Styret jobbar no med ny strategi som skal ta oss vidare dei første fem åra, men vi må jo også ha meir langsynte briller på. Smarte og sirkulære SIMAS i eit sirkulært Sogn kan jo vere ein framtidsvisjon. (…) Eg vil dit. Styret vil dit. SIMAS vil dit. Eigarane våre vil dit. Fordi vi MÅ dit - for å redusere dei øydeleggande konsekvensane av klimaendringane.

Nysgjerrig på korleis SIMAS har utvikla seg desse 30 åra? Sjå den nye tidslinja vår.

Bilete frå 30-årsmarkeringa:

(Trykk på bileta for stor visning)

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Sikre deg kompost på hagedagen 1. juni

Neste
Neste

Det starta med å samle inn aviser til isolasjon …