Vilkår for fritidsbustader
Det er ei lovpålagt oppgåve for kommunane å samle inn avfall frå fritidseigedomar på lik linje med anna hushaldningsavfall, jf. forurensingsloven § 30. Dette inneber at også fritidsabustadar er gebyrpliktige. Om ein har behov for og om ein vel å nytte seg av renovasjonstilbodet, er i utgangspunktet ikkje avgjerande.
Fritidseigedomar kan ikkje fritakast frå betalingsplikta på grunnlag av at eigedomen ikkje er i bruk, at det er tungvint å ta seg til han, at avfallsordning er unødvendig eller av liknande grunnar, jf. §18 renovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS.
For at søknad om fritak skal vurderast for fritidseigedomar, må det liggje føre dokumentasjon på at fritidsbustaden er til nedfalls. Dette kan verte dokumentert med:
Bilete som syner tilstanden på fritidsbustaden
Skriftleg fråsegn frå fagperson