Fritak frå renovasjonasvgifta
Abonnentar som kan dokumentere at ei bueining skal stå unytta i meir enn 1 år samanhengande, vil etter skriftleg søknad kunne få fritak frå gebyret (jf. § 18).
Sjå under kva dokumentasjon som er er kravd.
Eigedomar som er permanent fråflytta og som ikkje vert nytta
Hus som er permanent fråflytta eller ikkje vert nytta kan få fritak frå renovasjonsavgifta. Det kan likevel oppstå vanskelege bevismessige vurderingar når det skal avgjerast om ein eigedom er permanent fråflytta eller ikkje vert nytta. Til dømes kan fråflytta heilårsbustadar takast i bruk som feriehus delar av året. Det er difor viktig at det vert sendt inn dokumentasjon på at eigedomen er fråflytta eller ikkje vert nytta til ein kvar tid på året.
Sjå under for døme på dokumentasjon.
Hus i dårleg byggteknisk standard
Hus med dårleg byggteknisk standard kan få fritak frå renovasjonsavgifta. Dette kan ein dokumentera med:
bilete og/eller
skriftleg fråsegn frå fagperson
Sjå under for ytterlegare døme på dokumentasjon.
Hus som ikkje vert nytta
Dersom eininga er brukbar, treng SIMAS dokumentasjon som gjer sakshandsamaren i stand til å vurdere om det er sannsynleg at eininga står unytta i meir enn eitt år.
Døme på dokumentasjon
Skriftleg dokumentasjon frå autorisert røyrleggjar/kommunen på at bueininga er fråkopla vatn/avlaup.
Om eigar ikkje ynskjer å kople vatn/avlaup frå eininga, misser ein eit moment i vurderinga og andre moment må vege opp. Då må abonnenten dokumentere på anna vis at eininga står unytta.
Anna dokumentasjon kan mellom anna vere:
Vassmåler som syner 0 i vassbruk.
Skriftleg fråsegn frå straumleverandør på at abonnementet er avslutta.
Skriftleg fråsegn frå offentleg mynde som til dømes kommune som syner at huset ikkje vert nytta.
Biletleg dokumentasjon og/eller dokumentasjon frå fagperson som syner kva tilstand bueininga er i.
Om ein sende bilete, kan det vere:
Bilete av fasaden på huset utvendig.
Bilete med husnummer, eller eit bilete der huset vert identifisert.
Bilete som syner kva slags byggteknisk tilstand huset er i, både utvendig og innvendig.
Bilete av øydelagt/fjerna kjøkkeninnreiing.
Bilete av øydelagt/fjerna toalett/bad.
Hol i vegger, knuste vindauge m.m..
Ein kombinasjon av ulik dokumentasjon vil vere med på å styrke sannsynet for å få fritak.