Slamrenovasjon

SIMAS har ansvar for slamtømming i kommunane i Sogn. Miljøservice står for slamtømminga. Ta kontakt med SIMAS vedkommande slamtømming.

  • SIMAS: 57 65 70 70

  • Vakttelefon slamrenovatør: 90 87 51 11 (ved ekstra-/nødtømming utanom arbeidstid)

Prisar slam

Ekstra-/nødtømming

Treng du tømming utanom ordinær tømmefrekvens, vil dette vera ei tilleggsteneste frå SIMAS.

  • Nødtømming: Dette er tømming av slamtank som må skje innan 24 timar, eller som må skje før neste periode renovatøren har anna tømming i området.

  • Ekstratømming: Dette er tømming av slamtank som kan skje utanom ordinær tømmefrekvens, når renovatøren er i området og maks 5 km frå område der dei utfører ordinær tømming.

Næringskundar

Kommunale avgiftar for renovasjon og slam

Sogndal kommune

Slam: Sogndal kommune har ikkje kommunalt tillegg for slamtømming i 2024.

Lærdal kommune

Renovasjon: kr. 89 inkl. mva. pr. eining pr. år for 2023

Slam: kr. 260 inkl. mva. pr. eining pr. år for 2023

Luster kommune

Renovasjon: kr. 41,25 inkl. mva. pr. eining (kr. 20 inkl. mva. pr. fritidsbustad) pr. år for 2023 dekkjer:

  • Del av «sentrum/badeplass/utfartsområdet-renovasjon», innsamling av avfall/opprydding.

  • Kontroll og vedlikehald av fakturagrunnlaget for renovasjonsbetaling.

  • Juridisk bistand i samband med spørsmål om renovasjonsbetaling og andre lovtolkingar innan renovasjon

  • Del av administrative kostnader på tenesteeiningane.

Slam: kr. 77,63 inkl. mva. pr. eining pr. år for 2023 dekkjer:

  • Administrative kostnader til sakshandsaming av avlaup i sprett bebygging.

  • Kontroll og vedlikehald av fakturagrunnlaget for slambetaling.

  • Juridisk bistand i samband med spørsmål om slambetaling og andre lovtolkingar innan slamhandtering.

  • Del av administrative kostnader på tenesteeiningane.

  • Dekking av kostnader med oppføljing av vassforvaltningsplan, der eit tiltak er utslepp frå private avløpsanlegg, ettersyn og kontroll av anlegg.

Slam - ofte stilte spørsmål

  • Ordinær tømming av ein slamtank avheng av kva tømmefrekvens tanken er registrert med. Eigar vil få varsel to veker før tømming. Eigarar som har bustadadresse utanom kommunane der slammet skal tømmast får varsel 4 veker på førehand.

    mintank.no kan du sjå kor tid det er planlagt slamtømming på eigedomen din og kor tid tanken din sist vart tømd.

    Spørsmål om slamtømming kan sendast til Simas på e-post post@simas.no eller på telefon 57 65 70 70.

  • Gjer tanken tilgjengeleg for tømming. La det vera enkelt å komma fram til tankloket og grav godt rundt tankloket slik at det er enkelt å løfte det av.

    Sjå til at tilkomstvegar for slambilen er frie for tre og buskar. Det må vera ei breidde på vegen som er 3,5 meter i breidda og 3,5 meter i høgda. Den som tømmer anlegget har rett til å plassera naudsynt utstyr på eigedomen for å få utført tømminga.

  • Dersom septiktanken ikkje er tilgjengeleg for tømming når septikbilen kjem, vert dette registert og rekna som utført.

    Dersom abonnenten med god grunn ikkje klarar å gjera tanken tilgjengeleg til rett tidspunkt må han ta kontakt med Simas god tid før tømming.

    Tek ikkje abonnenten kontakt med Simas og septiktanken ikkje er klargjort, vil septikbilen køyra vidare og neste tømming vert då ved neste ordinære tømming (om 2 eller 4 år).

  • For å unngå at røyr tettar seg er det kun toalettpapir som skal i toalettet. Døme på gjenstandar/partiklar som ikkje skal vera i ein septiktank:

    • Våtserviettar

    • Bind/tamponger

    • Filler

    • WC-blokker

    • Olje

    • Mjølk frå mjølkerom/fjøs

    • Feitt

    Inneheld septiktanken mykje av dette vil septikbilen ha problem med å tømme tanken på ein fullverdig måte.

  • Septiktanken kan vera full. Ta av lokket på septiktanken og sjekk om det er mykje fast slam/masse på toppen. I så fall kontakt renovatør for å få utført tømming.

    Dersom tanken ikkje er full kan det vera røyra frå huset til tanken som er tette. Dette kan løysast ved å få spylt gjennom røyra. Ta gjerne kontakt med Simas.

    Dersom det er lite fall på røyra frå huset til septiktanken og det ikkje er bend på innløpsrøyret som fører avfallet ned i septiktanken, kan dette skapa problem ved at utløpsrøyret vert tetta igjen. Dette er noko ein kan kontrollera sjølv.

    Dersom huset ikkje er tilkopla kommunalt eller privat leidningsnett for spillvatn har septiktanken gjerne ei infiltrasjonsgrøft. For dei som har infiltrasjonsgrøft er det svært viktig at septiktanken vert tømt regelmessig.

    Dersom det går mykje partiklar ut i infiltrasjonsgrøfta kan dette tetta igjen grøfta. Dette medfører at spillvatn frå septiktanken ikkje vert sleppt ut og ein vil få problem med septiktanken.

    Dersom nivået i septiktanken står over utløpsrøyret er dette ein indikasjon på at utløpsrøyret er tett.

    Når det gjeld utforming og planlegging av infiltrasjonsgrøft er det stilt strenge krav gjennom «Forskrift om utslipp frå separate avlaupsanlegg».