Fritak

I SIMAS-kommunane (Luster, Sogndal, Lærdal, Aurland, Leikanger, Balestrand, Vik og Høyanger) er det tvungen renovasjon og slamtømming jf. renovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS (Sogn interkommunale miljø- og avfallsselskap) § 4, jf. § 2. Dette inneber at dersom ein eig ein eigedom der det er registrert gebyrpliktige bygg, er eigar av eigedomen pålagd å betale eit gebyr pr. eining til SIMAS, jf. § 17 og § 3. Gebyrpliktige bygningar er mellom anna bustadhus og fritidshus som hytter.

Heimelen for å krevje renovasjon- og slamgebyr

I lov av 13. mars 1981 om vern mot forurensninger og om avfall vart det bestemt av Stortinget at kommunane hadde ansvar for innsamling av avfall frå privatpersonar. Luster, Sogndal, Lærdal, Aurland, Leikanger, Balestrand, Vik og Høyanger gjekk saman for å få til eit samarbeid om denne innsamlinga. Slik vart SIMAS IKS oppretta. SIMAS-forskrifta var gjeven med heimel i forurensningsloven §§ 9, 26, 30-34, 37, 79, 83 og 85 for å sikre den praktiske gjennomføringa av avfallshandteringa.

Variasjonar i gebyret

Renovasjon- og slamgebyret skal fullt ut dekkje kostnadane med innsamling, transport, mottak, oppbevaring, behandling, etterkontroll mv. av avfallet og slammet, jf. § 17. Dette inneber at jo færre som er med på å betale for drifta av innsamlinga, jo dyrare vert det for den enkelte. Etter forskrifta er det difor bestemt at ein abonnementeining skal betale eitt gebyr. Til dømes skal ein eigedom med eitt hus betale eitt fastset standardgebyr, ein eigedom med to hus skal betale to fastsette standardgebyr osv.

Ved fastsetjing av gebyr held SIMAS seg til offentleg eigedomsregister, matrikkelen. Det vil sei at det er matrikkelen som er avgjerande for kva type- og antal abonnement ein eigedom skal vere registrert med. Ved å basere renovasjonsgebyret på tal abonnementeiningar kan me nytte matrikkelen som ei objektiv og sikker kjelde. Det er når SIMAS har eit sikkert og objektivt informasjonsgrunnlag at det er mogeleg å sikre likebehandling av forskrifta. SIMAS regulerer difor ikkje gebyret etter kor mykje avfall ein person produserer eller kor mykje avfall som kjem frå eitt hus.

Fritak frå renovasjonsgebyret

Abonnentar som kan dokumentere at ei bueining står unytta i meir enn 1 år samanhengande, vil etter skriftleg søknad kunne få fritak frå gebyret, jf. § 18. SIMAS har gjeve nærmare retningsliner for kva dokumentasjon som er vert kravd.

NB! Søkjar må vere tinglyst eigar av eigedomen eller ha fullmakt (t. d. skifteattest).

Søknad om fritak

Opplysningar om tinglyst eigar
Namn *
Namn
Opplysningar om eigedom det vert søkt fritak om
Gards- bruks- feste og seksjonsnummer
FileField;MaxSize=10000;Multiple;addText=Last_ned;
Som eigar er eg ansvarleg for at SIMAS til ei kvar tid har rette opplysningar om eigedom og abonnement. Eg samtykker med dette at opplysningane som er gitt er korrekte, og at dokumentasjon er vedlagt