SIMAS hentar juletreet ditt i januar

Du kan setje ut treet ved fyrste tømming av restavfall på nyåret.

I år som i fjor, kjem SIMAS og hentar juletre rundt om i Sogn. Du kan setje ut juletreet saman med avfallsbehaldarane på fyrste tømming av restavfall i januar.

Om du gløymer det, eller ikkje kan setje ut treet denne dagen, kan du levere juletreet på ein av miljøstasjonane våre heilt gratis.

Gode grunnar til å ikkje brenne juletreet

Det er fleire grunnar til at ein bør la vere å bruke juletreet som fyringsved:

  • Grantre inneheld mykje kvae. Det gjer at treet brenn eksplosivt, og på den måten er svært brannfarleg.

  • Ein får heller ikkje tilført nok luft til forbrenninga, og det vil danne seg gassar og partiklar som hamnar i skorsteinen. Dette aukar faren for pipebrann.

  • Gassane som vert danna er i tillegg helseskadelege. Dei kan virke kvelande og skape irritasjonar i luftvegssystemet. 

SIMAS hentar óg julegåvepapiret i eigen sekk

Ved fyrste tømming av restavfall på nyåret, hentar me òg julegåvepapiret i eigen sekk. Nytt den sekken du vanlegvis nyttar til plastemballasje, og sett den ut i lag med restavfallsbehaldaren.

Hugs at gråpapir og resirkulert gåvepapir kan sorterast i behaldar for papp og papir.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Anita Stølen er vinnar av julekonkurransen

Neste
Neste

Slik kan du bruke opp restane frå julematen