Kjeldesortering i Sogn – slik gjer du det

FOTO: loop.no

FOTO: loop.no

For deg som er ny i Sogn eller treng ei påminning. 

I dag har alle private hushald tre dunkar heime. Ein for papp og papir, ein for våtorganisk og ein for restavfall. I tillegg får alle utlevert eigne sekkar til plast som ein sett fram ved tømming.

Den fjerde dunken til glas- og metallemballasje er på veg. Per no har Lærdal og Luster fått den på plass, mens resten vil få denne utlevert før 2021 er omme.

Dunkane vert tømt på eit fast tidspunkt på di adresse, sjå tømmekalender:

Slik gjer du:


Plast: plastsekk

Plastemballasje skal i eigen plastsekk. Denne sekken er spesiallaga til formålet, med små hull som gjer at posen kan komprimerast i bossbilen utan at posen sprekker. Kvart år får du utlevert ein rull med slike sekker. Treng du fleire, kan du kjøpe på nærmaste kommunehus. Hugs at det er plastemballasje som skal i plastsekken og at emballasjen må vere skylt. Produkt av blanda emballasje er restavfall.

Matavfall: våtorganisk pose

Alt matavfall kan leverast som våtorganiske avfall, samt mindre mengder blomster og hageavfall. All emballasje må takast av og sorterast før avfallet kastast i grøn pose. Til dømes skal syltetøy tømmast ut av syltetøyglaset og opp i posen for våtorganisk, medan glaset gjenvinnast i glas- og metall. Tørkerull kan med fordel kastast i våtorganisk for å unngå at det blir for vått.

Me leverer ut grøne bioposar ein gong i året. Desse posane blir brote ned i komposteringsprosessen. Dei tåler ikkje like mykje som ei plastpose, og kan vere lur å bytte ut ofte, eventuelt ha litt papir i botn av posen. Treng du fleire våtorganiske posar, kan du kjøpe i matbutikk (må ikkje vere same type som me leverer ut, men dei må kunne komposterast) eller på kommunehuset.  

Visste du at alt våtorganiske avfall i Sogn blir til kompostjord hjå oss i Festingdalen? Denne jorda kan du kjøpe og nytte for ein frodigare hage.

Restavfall: vanleg pose

Det som ikkje kan kjedesorterast andre stader, skal i denne dunken. Denne fraksjonen er den dyraste for våre abonnentar, då me ønskjer at folk skal gjenvinne meir og redusere restavfallet. Treng du mindre (og billigare) dunk, sjekk våre nettsider.

NB! Bleier, som tidlegare gjekk i våtorganisk skal kastas i restavfall. Treng du større dunk ein periode grunna mykje bleier, kan dette òg bestillast på våre nettsider (link).

Papp og papir: i egen dunk

Alt som er laga av papir og papp (inkludert drikkekartongar) skal i denne dunken. Du kan la plastkorken være på når kartongar sendes til resirkulering, plasten skillast ut undervegs i prosessen. Om du skyl, brettar og samlar alle drikkekartongar i en såkalla drikkekartongkubbe og skriver namn og telefonnummer på kan du være med i returkartonglotteriet – og vinne 10.000 kroner!

Glas og metall: den fjerde dunken

Me ønskjer at alle skal få en fjerde dunken heim til seg. Difor er me i gang og testar denne dunken i Lærdal og Luster kommune, for å finne den beste logistikken og organiseringa av en fjerde fraksjon.

For dei som bur i ei anna kommune, håper me dunken kjem på plass hjå deg i løpet av hausten 2021. Inntil då, nytt våre returpunkt for glas- og metallemballasje:

Hugs at det er viktig å skylje emballasjen slik at det ikkje er matrester igjen.

Usikker? Sjå sortere.no.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kan etikettane sitje på når eg sorterer glas- og metallemballasje?

Neste
Neste

Korleis bli ein matreddar?