Hei Årdal, me gler oss til å hente avfallet dykkar

Ei ny, fullverdig avfallsordning starta opp 1. januar 2024. No har Årdal kommune dei same behaldarane som resten av SIMAS.

Nyheitsoppdatering

  • 03.03.2024: Retting, faktura blir sendt 8. april. Utsatt utsending skuldas arbeid kring systemovergang fra Årdal kommune til SIMAS IKS.

  • 20.02.2024: Faktura for abonnenter i Årdal blir sendt ut 1. april. Då det er større mengder data som er handsama, kan det diverre førekome feil på faktura eller ved utlevering av utstyr. Om du opplever feil på faktura eller utstyr, ver venleg og ta kontakt på post@simas.no. Hugs å legge inn fakturanummer, namn, adresse og kva saka gjeld.

  • 23.01.2024: Informasjonsmøte om kjeldesortering 6.februar i kulturhuset.

  • 18.01.2024: Raude boksar blir kjøyrt ut til innbyggartorget i løpet av veka. Fram til me har ein eigen miljøstasjon i Årdal, vil de kunne hentast ut av abonnenter der.

  • 17.01.2024: På tømmedager settast behaldar for våtorganisk avfall saman med behaldar for restavfall på oppsamlingsplassen. Behaldarar som ikkje står på dedikert oppsamlingsplass vert ikkje tømd.

  • 21.12.2023: Frå i ettermiddag vil det være mulig å hente utstyr som bioposar, plastsekker og sorteringsguide på Tenestetorget i rådhuset og på biblioteket. Om du ikkje har fått korg til våtorganisk avfall ved utdeling av ny behaldar, kan du også hente dette på Tenestetorget eller biblioteket. Om du bur i burettslag og har fått feil utstyr eller ikkje har fått alt du skal ha- det blir utkjøyring til burettslag første veka i 2024.

  • 20.12.2023: Om du ynskjer papirutgåve av kalender for innsamling (renovatøren) ligg den no tilgjengeleg på Tenestetorget i rådhuset og på biblioteket.

  • 19.12.2023: Innbyggjarar i Årdal kan no gjere endringar i sitt abonnement, som å bestille ny behaldar i anna storleik, gjennom Mi side. Mi side finn du her på heimesida, eller nedst på startsida i appen Min renovasjon.

Dette er eit standard abonnement i SIMAS

  • Restavfall 140 L - tømmast kvar 4. veke

  • Papiravfall 140 L – tømmast kvar 4. veke

  • Våtorganisk 140 L – tømmast kvar 2. veke

  • Glas- og metall 140 L – tømmast kvar 12. veke

  • Plastsekk – tømmast kvar 4. veke

Pris standard abonnement i 2023: kr. 4.350,- (justering etter vedtak)

For fleire prisar, sjå her.

Er de fleire som deler behaldar? Eller treng du større?

Dei som deler behaldar på restavfall i dag, held fram med det - om du ikkje melder inn at du vil byte. Ein stor behaldar (660 l) kan løne seg ved 5 eller fleire einingar. Ein mellomstor behaldar (240 l) kan løne seg ved 2 eller fleire einingar.

Ein vanleg behaldar (140 l) er meint å halde til restavfall for 1 eining, og held for dei fleste abonnentane våre. Har du til dømes utleigedel, eller mykje bleier, kan du be om større behaldar mot ein auke i gebyret.

Ein kan når som helst endre behaldar - via Mi side i appen Min renovasjon, her på heimesida eller ta kontakt på post@simas.no!

Når kjem nye behaldarar?

I veke 46-51 vil SIMAS køyre ut nye behaldarar. Du vil bli varsla når det skjer i området ditt.

Ynskjer du å ha same restavfallsbehaldar som du har i dag, treng du ikkje gjere noko. Ynskjer du større eller mindre behaldar, kan du gjere endringar ved å logge på Mi side via app eller heimesida vår. Du kan også kontakte oss på e-post. Dette byttet er gebyrfritt fram til påske 2024.

Prismodell

Restavfall er den dyraste fraksjonen. Det skal løne seg å sortere. Me tilbyr fire ulike behaldarar, pluss sekkar til plastemballasje, for å hjelpe deg å redusere restavfallet.

Prisen for renovasjon består av eit fast gebyr og eit variabelt gebyr. Det variable gebyret varierer etter størrelse på behaldaren til restavfallet. Du kan òg få reduksjon i gebyret om du heimekomposterer.  

Sjå prisane våre her.

Avfallskalender med varsling på mobilen

Last ned «Min Renovasjon», så får du varsel på mobilen når det er tømming. Via “Mi side” kan du gjere endringar i ditt abonnement, ved å bestille ein større eller mindre behaldar for dei ulike fraksjonane. Du kan også melde om skade på behaldar. Me ynskjer at alle skal bruke appen, difor vil du ikkje lenger få Renovatøren i posten. Det vil fortsatt vere mogleg å laste ned tømmekalender frå nettsida til SIMAS og prente ut.

Me i SIMAS applauderer eit tettare samarbeid med Årdal Kommune. At dei ynskjer å bli betre på materialgjenvinning er som musikk i våre øyre. Me har hatt eit fantastisk godt samarbeid så langt.

Dagny Ugulsvik Alvik, direktør i SIMAS.

Kva skjer med det du sorterer?

Alt avfallet du sorterer i ulike behaldarar, vert henta av SIMAS frå 2024. Me kan hente fleire fraksjonar samtidig, då renovasjonsbilen har ulike kammer. Men kva skjer med alt me tek med oss?

Plastemballasje til Tyskland

All plastemballasjen du vaskar og hiv i plastsekker, blir henta saman med papir. Renovasjonsbilen kan ta med plastsekken og papiravfallet saman, då plastsekkane blir skilt ut på anlegget vårt i Festingdalen. Posane som vert nytta, er spesielt utvikla med bittesmå hol i, slik at plastsekken ikkje sprekk når me pressar dei saman i renovasjonsbilen.

Så fort plasten er samla i Festingdalen, pressar me den saman til firkantar. Då er det komprimert og lettare å frakte. Vidare går den til eit sorteringsannlegg i Tyskland der plasten blir sortert ut etter type og smelta om til pellets, som kan nyttast til nye plastprodukt.

Papp- og papiremballasje til Danmark

Alt av papp- og papiremballasje vert pakka i Festingdalen og sendt til attvinningsanlegg i Danmark. Der blir materiala sortert etter type og gjennomgår filtreringsprosessar for å fjerne anna avfall som er kasta feil.

Når me berre sit att med rein papp og papir, kokast dette i vatn for å fjerne bakteriar og trykksverte. Massen som er igjen nyttast til å produsere ny papp og nytt papir.

Ein pappkartong kan resirkulerast 5-7 gonger før fibrane er utslitne. Ved å sende papp, papir og drikkekartongar til materialattvinning reddar me i Sogn om lag 11.400 tre.

Matavfall til eigen kompost

Alt våtorganisk avfall blir kompostert til SIMASkompost. Sjølve komposteringa tek om lag seks månader, før komposten blir plassert i ranker for å luftast, vendast og ettermodnast. Dette tek frå 1-1,5 år.

Dette er eit produkt alle abonnentar kan hente på miljøstasjonane, både private, bønder og entreprenørar som vil ha ein meir næringsrik jord. Det er fantastisk å kunne omdanna alt matavfallet til eit så verdifullt produkt.

Samtidig jobbar me med å få ned matsvinnet, då det også er mykje som hamner i restavfallet. Sjå Bli ein matreddar for inspirasjon.

Glas- og metallemballasje til Fredrikstad

Glas- og metallemballasje kan materialattvinnast i det uendelege - utan å miste kvalitetane dei har for trygg oppbevaring av mat og drikkevarer.

Alt av glas- og metall blir sendt frå SIMAS til Fredikstad, eit av verdas mest moderne attvinningsanlegg. Glas og metall skiljast frå kvarandre, før laser sørger for å sortere glasbitar etter farge. Dei kjem ut som råstoff som sendast vidare til andre anlegg i Europa. Her blir det smelta om til nye produkt.

Restavfall til straum og fjernvarme

Alt som ikkje kan attvinnast, blir restavfall. Det me hentar hjå deg, kategoriserast som hushaldsavfall. Anna restavfall må du levere på miljøstasjonen.

Dette avfallet blir pressa saman i Festingdalen og pakka inn, nesten som høyballar. Då kan dei fraktas vidare utan at dei luktar og trekker til seg skadedyr.

Restavfallet blir sendt til energiattvinngsanlegg i Sarpsborg og i Sverige, der det vert brent og energien omforma til straum og fjernvarme.

Sortering i Årdal kommune

Farleg avfall: Alt av batteri, lyspærer, sprayboksar og spann merka farleg avfall

Restavfall Pakk i pose og legg i dunk med svart lokk. Støvesugarpose, Q-tips, snus, isopor og bleier er restavfall. NB! Batteri, leiker/pynt med batteri e.l. er farleg avfall!

Matavfall: Eigen dunk frå 2024.

Plastemballasje Rein emballasje sortert rett i plastsekk merka plastemballasje. NB! Ikkje isopor. Sett sekken ut saman med papp og papir på hentedagen. Ikkje knytt sekken fast i avfallsdunk.

Papp og papir: Rett i dunken med blått lokk. Det er berre papp og papir som ligg i dunken som blir henta.

Glas- og metallemballasje: I utplasserte konteinerar. Eigen dunk frå 2024. NB! Ikkje porselen og keramikk.

Frå 2024 vil matavfallet i Årdal bli ein del av komposteringa til SIMAS:

Matavfallet frå Sogn blir til næringsrik kompostjord

Målet til myndigheitene er at nordmenn skal sortere ut 65 prosent av matavfallet innan 2035. I Sogn er me no på 62 prosent og har allereie sortert ut matavfall i 20 år.

Det aller viktigaste du kan gjere er likevel å ete opp maten.

Kvifor kjeldesortere?

  • I fjor sparte vi 11.200 tre ved å resirkulere papp og papir - berre i Sogn

  • Resirkulering av 1 kilo plast sparar nok straum til å lade ein smarttelefon 1300 gonger

  • Omsmelting av aluminium sparar 95 % av energibruken samanlikna med å lage nytt

  • Resirkulering av 1 tonn drikkekartong sparar utslepp på over 650 kilo CO2