Avfalls- og sorteringsguide på ulike språk

Her finn du ein enkel oversikt over kvar du skal kasta ulike typar avfall. Om du ikkje finn det du lurar på, søk på sortere.no.

Me minner om

  • Behaldarane må vere framsette før kl. 07.00 tømmedagen
  • Lokket skal vere heilt att, overfylte behaldarar vert ikkje tømde
  • Bioposar vert utleverert på renovasjonsruta ein gong i året, sjå avfallskalender
  • Ekstra bioposar kan kjøpast hjå kommunen, næraste miljøstasjon eller i daglegvarebutikkar
  • Plastknytesekker vert utlevert på renovasjonsruta ein gong i året. Om ein ikkje har fått på utlevering kan ein hente ut gratis på tenestetorg eller miljøstasjon innan 1 månad. Etter dette kostar det kr. 51,- pr. rull.
  • Har du mykje restavfall, kan du kjøpa ekstra sekk til restavfall og levera på renovasjonsruta. Sekken får du kjøpt på tenestetorget i kommunen og på miljøstasjonen