Bli ein matreddar

Nesten 50 % av all maten me kastar i Sogn kunne vore eten. Halvparten!

Hausten 2020 analyserte me avfallet til sogningane, og resultata sjokkerte oss:

  • 30 % av restavfallet var matavfall

  • 70 % av dette matavfallet var etbar mat

  • 50 % av all maten vi kastar (både i restavfall og våtorganisk) kunne vore nytta

Me må få ned desse tala og då treng me deg!

Korleis bli ein matreddar?

  1. Handle berre det du treng

  2. Et opp maten

  3. Bli kvitt datoskrekken - sjå, lukt, smak

  4. Om du må kaste mat, hugs å sortere!

Redningsvest.png

Bli ein matreddar

Me har spurt mateksperten på ViteMeir:

Korleis vite om egga er dårlege?

Korleis vite om egga er dårlige?

Muggsopp - kor farleg er det?

Muggsopp - kor farleg er det?

Kan eg ete ris frå dagen før?

Kan eg ete ris frå dagen før?

Mugg på ost - ete eller kaste?

Mugg på ost - ete eller kaste?

Kan eg ete brød med mugg på?

Kan eg ete brød med mugg på?

Er det lurt å ha frukt i eit fruktfat?

Er det lurt å ha frukt i eit fruktfat?

Er det greit å ete grønsaker med mugg eller råte?

Er det greit å ete grønsaker med mugg eller råte?

Tips frå folk i Sogn:

Tall og statistikk matsvinn

Tal frå Sogn

  • 30 % av restavfallet i Sogn er matavfall.

  • 70% av denne maten er etbar.

  • Totalt er halvparten (50 %) av all mat SIMAS får inn etbar.

  • Det betyr 37,5 kg etbar mat per innbyggjar per år.

Tal frå SIMAS plukkanalyse 2020.

Tal frå Noreg

  • I 2019 vart det kasta over 400.000 kg etbar mat i Noreg.

  • Husholdningane står for over halvparten av det kartlagte matsvinnet (55 %).

  • Dette betyr eit økonomisk tap på over 20 milliarder kr.

Tal frå Matvett.no.

Visste du at?

  • Ein familie på fire kastar i snitt eit brød i veka.

  • Kvar og ein av oss kastar meir enn åtte kilo brød i året.

  • Me kastar ca 60.000 bananar i Noreg kvar dag.

  • Det me kastar mest av, er middagsrester frå tallerkenen.

Tal frå Q-meieriene.

Brukopp-leksikon frå Matvett.no

For å ta betre vare på maten treng me kunnskap om haldbarheit og riktig oppbevaring av ulike matvarar. Me må bli meir bevisst på å nytte sansane våre og innsjå at all mat har ein verdi sjølv om den ikkje er heilt fersk.

Matvett.no har laga eit leksikon du kan søkje i etter matvare!

Egg