Om SIMAS IKS

Me jobbar for ressursar på rett veg.

Sogn interkommunale miljø- og avfallselskap, SIMAS, er eit interkommunalt selskap, eigd av kommunane Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. SIMAS vart stifta 20. mai 1994 og handsamar avfallet for omlag 28.000 innbyggjarar (14.000 abonnentar).

Administrasjon og hovedmottak for avfall ligg i Festingdalen, Kaupanger. I tillegg har me miljøstasjonar i eigarkommunane (Årdal har eigen renovasjonsording). Næringslivet er det Sirkla Ressurs som tek seg av.

Visste du at kvar sogning kastar omlag 400 kg avfall i året? Alt dette er avfall me ønskjer å sjå som ressursar.

To blide ansatte foran gjenbrukstasjonen
Tømming av avfall i renovasjonsbilen

SIMAS er miljøfyrtårn

Me jobbar for å nå FNs bærekraftsmål - eit fokus som går igjen i alle ledd. Internt jobbar me systematisk med miljøtiltak ved å vere sertifisert miljøfyrtårn. For abonnentane har me høgt fokus på kjeldesortering og jobbar for auka ombruk og materialgjenvinning av naturressursane. Me ønskjer å endre lokalsamfunnet mot ein meir sirkulær økonomi.

SIMAS har iverksatt fleire FoU-prosjekt med fokus på gjenbruk (av mellom anna våtorgansik avfall). Sidan 2002 har me kjeldesortert og i dag hentar me fraksjonar med plastemballasje, papp og papir, våtorganisk avfall, glas- og metallemballasje og restavfall hjå alle abonnentar.

Me får ofte skryt frå bransjefolk når dei er på besøk: Sogninar er flink til å kjeldesortere!

“SIMAS ønskjer å utnytte verdiane i avfallet, og å bidra til minst muleg utslepp av klimagassar og miljøgifter - på ein kostnadseffektiv måte.”

Dei viktigaste oppgåvene våre:

SIMAS sine viktigaste oppgåver er å løysa eigarkommunane sine utfordringar innan avfallshandtering på ein best mogleg økonomisk, ressurs- og miljømessig måte.

Me tek ansvar for:

  • Oppsamling, innsamling og transport av alle avfallstypar i kommunane.

  • Etablering og drift av behandlingsanlegg for restavfall etter gjenvinning.

  • Etablering og drift av innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast.

  • Samarbeida best mogleg med selskap og kommunar i og utanfor regionen slik at avfallshandteringa vert best mogleg miljø- og ressursmessig ved optimal utnytting av eigne og andre sine anlegg.

  • Ha ei miljøvenleg og kostnadseffektiv drift i alle ledd av avfallsbehandlinga.

  • I nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om tilbod, løysingar og drift av selskapet.

  • Leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenleg framferd og behandlingsmetodar.

  • Samordna kommunane sitt arbeid med å hindra avfallsproduksjon, redusera avfallsmengdene og auka utnyttinga av ressurssane i avfallet.

  • Vera ein pådrivar ovanfor eigarkommunane, lokalt næringsliv og innbyggjarar innan vårt fagområde.