Kva skjer med det du sorterer?

Alt avfallet du sorterer i ulike behaldarar, vert henta av SIMAS. Me kan hente fleire fraksjonar samtidig, då renovasjonsbilen har ulike kammer. Men kva skjer med alt me tar med oss?

Plastemballasje til Tyskland

All plastemballasjen du vasker og hiver i plastsekker, blir henta saman med papir. Renovasjonsbilen kan ta med plastsekken og papiravfallet saman, då plastsekkane blir skilt ut på anlegget vårt i Festingdalen. Posene som vert nytta, er spesielt utvikla med bittesmå hull i, slik at plastsekken ikke sprekker når vi presser dei saman i renovasjonsbilen.

Så fort plasten er samla i Festingdalen, presser me den saman til firkantar. Då er det komprimert og lettere å frakte. Så går den til sorteringsannlegg i Tyskland. Her blir plasten sortert ut etter type og smelta om til pellets som kan nyttast til nye plastprodukt.

Papp- og papiremballasje til Danmark

Alt av papp- og papiremballasje vert pakka i Festingdalen og sendt til attvinningsanlegg i Danmark. Der sorterast materialane etter type og gjennomgår filtreringsprosessar for å fjerne anna avfall som er kasta feil.

Når me berre sit igjen med rein papp og papir, kokast dette i vatn for å fjerne bakteriar og trykksverte. Massen som er igjen nyttast til å produsere ny papp og nytt papir.

Ein pappkartong kan resirkulerast 5-7 gonger før fibrane er utsliten. Ved å sende papp, papir og drikkekartong til materialattvinning reddar me i Sogn om lag 11.400 tre.

Matavfall til eigen kompost

Alt våtorganisk avfall blir kompostert til SIMASkompost. Sjølve komposteringa tek om lag seks månader, før komposten blir plassert i ranker for å luftast, vendast og ettermodnast. Dette tek frå 1-1,5 år.

Dette er eit produkt alle abonnentar kan hente på miljøstasjonane, både private, bønder og entreprenørar som vil ha ein meir næringsrik jord. Det er fantastisk å kunne omdanna alt matavfallet til eit så verdifullt produkt.

Samtidig jobbar me med å få ned matsvinnet, då det også er mykje som hamner i restavfallet. Sjå Bli ein matreddar for inspirasjon.

Glas- og metallemballasje til Fredrikstad

Glas- og metallemballasje kan materialattvinnast i det uendelege - utan å miste kvalitetane dei har for trygg oppbevaring av mat og drikkevarer.

Alt av glas- og metall blir sendt frå SIMAS til Fredikstad, eit av verdas mest moderne attvinningsanlegg. Glas og metall skiljast frå kvarandre, før laser sørger for å sortere glasbitar etter farge. Dei kjem ut som råstoff som sendast vidare til andre anlegg i Europa. Her blir det smelta om til nye produkt.

Restavfall til straum og fjernvarme

Alt som ikkje kan attvinnast, blir restavfall. Det me hentar hjå deg, kategoriserast som hushaldsavfall. Anna restavfall må du levere på miljøstasjonen.

Dette avfallet blir pressa saman i Festingdalen og pakka inn, nesten som høgballar. Då kan dei fraktas vidare utan at dei luktar og tiltrekk seg skadedyr.

Restavfallet blir sendt til energiattvinngsanlegg i Sarpsborg og i Sverige, der det vert brent og energien omforma til straum og fjernvarme.