gratiskvote med Miljø ID

Me har innført tilgangsbevis (Miljø ID) for å levere avfall på miljøstasjonane til SIMAS. Dette gir deg en gratiskvote på 3 kubikk kvart år.

Tilgangsbeviset får du ved å laste ned appen MiljøID på telefonen, eller ved å nytte fysisk kort som du kan bestille hjå SIMAS.

Mobilvisning av miljøID appen

Slik gjer du

Privat

  1. Last ned appen frå Google Play eller AppStore.

  2. Logg inn ved å identifisere deg med BankID.

  3. Del eventuelt tilgang til eigedom med andre i hushaldninga.

Har du ikkje smarttelefon? Ring oss for å få tilsendt fysisk tilgangskort.

Næring

For tilgang via app: Klikk på lenka under og send inn e-postadresse til kontaktpersonen i verksemda. Denne personen kan så delegere tilgang vidare til andre tilsette.

Ynskjer di verksemd kort i staden for/i tillegg til app? Ring oss for å få tilsendt fysisk tilgangskort (kr. 200,-).

Ofte stilte spørsmål

  • Kortet eller appen MiljøID kan delast innad i hushaldinga. Dersom du får hjelp til å levere avfall av andre, legg du inn epost-adressa til den som skal få tilgang. Du må sjølv passe på å fjerne tilgangen om vedkommande ikkje lenger skal kunne levere frå din tilgang.

  • Appen MiljøID er tilgjengeleg for smarttelefonar med Android eller iOS (Apple) opertativsystem.

  • Treng du hjelp med installasjon? Klikk her for å laste ned rettleiar

  • Leiger du bustad, må du ta kontakt med utleigar. Denne personen må dele tilgang med deg i MiljøID-appen for at du skal få rabattert pris.

  • Appen Miljø ID kan du laste ned også når du er på miljøstasjonen. Dersom du ikkje kan framvise tilgangsbevis, må du betale full pris for å levere avfall. Me anbefaler at du lastar ned app og logger inn, eller sørger for å ha kort tilgjengeleg, før du kjem til miljøstasjonen

  • Det kan vere fleire årsaker til dette:

    Du leiger bustad: Du må snakke med utleiger slik at denne personen kan dele app med deg.

    Du er ikkje den som står som tinglyst eigar på eigedomen: For å få opp din eigedom i appen må du vere registrert som tinglyst eigar på eigedomen. Tinglyst eigar kan delegere tilgang vidare i appen ved å gå på «eigedomar», trykk så på eigedomen ein ynskjer å dele å trykk på «del tilgang». Her kan du no legge inn epost-adressa til den som skal ha tilgang.

  • Ja. Me har forståing for at det i ein overgangsperiode kan ta ei tid før alle som ynskjer tilgang har fått dette på plass. Ei stund framover no vil det derfor vere mogleg å levere avfall på miljøstasjonen medan bestillinga er under behandling.

  • Då må du bestille næring-tilgang her, og få eige kundenummer på næringsverksomheita. Når det er i orden vil du kunne levere Private hushaldingar har ikkje moglegheit å få faktura på det som blir levert på miljøstasjonen.