Bestille ny behaldar

Ønskjer du å endre behaldar? Me tilbyr frå 80 til 660 liter.

Endre behaldar på Mi side

(Her har vi laga ein steg-for-steg-guide til korleis du gjer endringa på nett.)

140ltr+stor.jpg

80 liter - mindre

Restavfall

Mål i mm (BxDxH):
Lik 140l m/mindre rom.

140ltr%2Bstor.jpg

140 liter - normal

Restavfall, papp/papir glas/metall og våtorganisk.

Mål i mm (BxDxH):
480 x 560 x 1070

240ltr.jpg

240 liter - større

Restavfall, papp/papir og glas/metall.

Mål i mm (BxDxH):
580 x 740 x 1070

660ltr+stor.jpg

660 liter - størst

Restavfall, papp/papir og glas/metall.

Mål (BXDXH):
1360 x 770 x 1180

Info om behaldarane våre

Restavfall er den dyraste fraksjonen, då det skal løne seg å resirkulere. Me ønskjer at abonnentane våre kjeldesorterer mest mogleg og har difor gjort det mogleg å få utdelt ein mindre restavfallsbehaldar (80 liter) og betale lågare pris. Denne behaldaren er like stor som 140 l, men er oppbygd innvendig og rommar kun 80 l.

Større behaldar vil medføre ein auke i renovasjonsgebyret. Til dømes vil ei endring av restavfallsbehaldar frå 140 liter til 240 liter medføre ein auke på 760,- kroner pr. år. I tillegg kjem det eit eingongsgebyr på utkøyring.

Utlevering og byte av ny avfallsbehaldar skjer innan 14 dagar.

Pris utkøyring ny behaldar

Det vert teke gebyr for transport av avfallsbehaldarar ved endring av abonnement, og ved byte av skada behaldar grunna aktlaus bruk.

Det vert ikkje teke gebyr for transport ved skade på behaldar ved tømming, byte ved slitasje av behaldar, oppstart av nytt abonnement eller om behaldaren vert vekke.

Endring i abonnement

Prisane vil endre seg om du endrar størrelsen på behaldar for restavfall. Ein kan også gå opp i størrelse for papp og papir, men dette vil ikkje medføre prisendring i abonnement. Endring i gebyr vert gjort gjeldande frå og med fyrste heile månad etter at SIMAS har motteke bestillinga.

Sjå prisar for abonnement.