Liv Signe: - Ein treng ikkje kaste meieriprodukt

Stortingspolitikaren har ei fortid i Tine og eit godt tips til korleis ein unngår å kaste meieriprodukt: Prøv denne oppskrifta!

Liv signe navarsete steker hellekaker.jpg

– Mitt beste tips er å lage hellekaker eller lappar. Her kan du hive oppi mykje forskjellig: Kesam, vaniljesaus, yoghurt, rømme, søt- eller surmjølk. Det er ein ypparleg matrett for å bruke opp meieriprodukt, fortel Liv Signe Navarsete.

SP-politikaren bur i Lærdal, saman med mannen Lars Petter, og har vakse opp på gard. Det har gjort at ho alltid har vore oppteken av å ete opp maten og kastar minst mogleg.

– Da eg vaks opp kasta me ikkje mat, me vart lærte opp til å eta opp det me hadde. Potetskrell og det me ikkje åt, det vart mat til dyra. Så for meg er det heilt vilt at folk kastar so mykje.

Mange år i Tine

Navarsete har ei fortid i Tine. I nesten 10 år vart ho tilsett som salsmedarbeidar og -konsulent, der ho var mykje ute i butikkane. Det har nok gjort at ho snakkar ekstra høgt om meieriprodukt i kampen mot matsvinn.

– Eg opplever at datostemplinga ofte er villeiande og synast det er hårreisande at me kastar so mykje mjølk. Det er berre å smake på produkta. Er det god smak, er det trygt å bruke, og er mjølka sur, er det heller ikkje farleg om du har smakt ein skvett, fortel ho.

– Men eg er ikkje hysterisk, eg et ikkje mat som er dårleg. Så litt svinn vil det alltid vere. Men eg trur me alle kjem langt med å vere meir bevisst. Det handlar jo om å bruke opp maten før han vert dårleg, legg ho til.

Liv Signe sine hellekaker

Difor bidrege Navarsete med ei smart oppskrift som kan hjelpe deg å får ete opp meieriprodukta før dei blir sure. Navarsete fortel at hellekaker er ei favoritt i huset deira. Både barn og barnebarn elskar dei, og tykkjer det er gøy å vere med å steike på takke.

­– Røra til hellekaker skal vere så tjukk at den ikkje renn ukontrollert utover. Den skal late seg stryke til runde hellekaker med undersida av ausa, forklarar ho.

– Har du ikkje syrlege meieriprodukt, eller føretrekker pannekaker eller vaflar, kan du berre justere kor tjukk røra er. Og her kan du putte i det du måtte ha av meieriprodukt. Til og med graut, om du har restar av det. Det er ikkje mykje av flytande meieriprodukt du ikkje kan ha i denne oppskrifta.

Hellekakerøra:

  • 1 liter væske, blanding av ulike slag mjølkerestar. Fint om litt av mjølka er surmjølk, + Kesam, yoghurt, rømme, vaniljesaus eller anna flytande meieriprodukt utan for sterk smak.

  • 1 stort egg, eller to små.

  • 1/2 ts natron.

  • 1 knivsodd hjortetakksalt (eller 1/2 ts bakepulver om du ikkje har hjortetakksalt).

  • 1/2 ts salt.

  • 1-2 ss sukker, honning eller søtingsmiddel (mindre dersom du har t.d. vaniljesaus i røra).

  • Ca 6,5 dl mjøl, her kan du velje kveitemjøl, fibra, havremjøl m.m., og gjerne litt byggmjøl alt etter smak og behag.

Navarsete liker å nytte takka, gjerne ute om sommaren. Men ho er oppteken av at det skal vere enkelt å lage, så her kan du òg nytte steikepanna eller eit vaffeljern.

– Eg håper oppskrifta kan inspirere. Tenk at en tredjedel av all maten som vert produsert globalt, blir kasta. Det gjer meg dårleg å tenke på. Me kan alle bli betre, og må gjere det me kan for å kaste mindre mat.

Hellekaker (fremst) og lappar (bak) på takka til Liv Signe Navarsete. Her steiker ho til barnebarna Oda (10) og Johanne (6), med fleire «resteskvettar» i røra.

Hellekaker (fremst) og lappar (bak) på takka til Liv Signe Navarsete. Her steiker ho til barnebarna Oda (10) og Johanne (6), med fleire «resteskvettar» i røra.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Prøv cowboypannekaka til Maria Knagenhjelm