Katherines banankake slår ikkje feil - slik hindrar ho og medelevane matsvinn

20210923_125939.jpg

Frå brune bananbuntar i ein handlepose, til velduftande banankake - dandert med nøtter og sjokolade. Kva som hamnar i søppelspann og kva som ender på serveringsfat kan verke tilfeldig.

På denne kokkelinja lærer elevane korleis dei me små grep kan gjere ein skilnad på det.

- Eg opplever sjølv at folk ikkje vil bruke bananar som har blitt mjuke eller brune. Ein er rett og slett skeptisk til konsistensen, forklarer Katherine Linatoc.

- Å setje fokus på matsvinn og korleis me kan nyttegjere oss av maten me har, trur eg derfor er veldig viktig.

Frå restar til delikatesse

Ho er elev på VG2 kokk- og servitørfag ved Sogndal Vidaregåande skule, og i gong med å dandere to rykande ferske banankaker – etter eiga oppskrift.

På dagens meny står rettar, der fleire av ingrediensane er «redda» frå å potensielt hamne i bos; overmodne bananar frå Meny, overskotsfrukt frå ein lokal gardbrukar og restar frå ein tidlegare fiskemiddag.

- Til forrett står bananpannekaker med bacon, før me har fiskegrateng til hovudrett, fruktkompott til dessert og banankake til kaffien, forklarer Linatoc.

- Bananane blir brukt i både forrett og kake, medan fiskegratengen er basert på laks og torsk frå ein tidlegare middag me har laga. I fruktkompotten har me nytta epler frå ein lokal bonde.

Sjå oppskrift på rettane nedst i saken.

Bærekraft på læreplanen

20210923_131400.jpg

Faglærar Hildegunn Øygard Hansen fortel at elevane allereie på første året, får innføring i bærekraft som ein del av matfaget.

- Dette er eit fokus som blir stadig viktigare for oss.

Når det på hausten bognar over av lokale råvarer, gir det rom for å vere ekstra kreativ.

- Me har mellom anna samarbeid med ein lokal fruktbonde, der me får plukke eple som fell utanfor «standarden» for kva storleik og fasong butikkane tek imot. Det skal faktisk ikkje så mykje til for at eit eple er «ueigna» for butikk – og då har me flust av måtar me kan nyttegjere oss av det her. Det kan vere alt frå kaker, til smoothie og fruktmosar.

 

Vil du teste elevane sin «matreddar-meny»? Her finn du oppskriftene:

 

Bananpannekaker

Bananpannekaker kan danderast etter smak og ønskje - her er dei servert med rømme, bacon og koriander.

Bananpannekaker kan danderast etter smak og ønskje - her er dei servert med rømme, bacon og koriander.

Sunnare pannekaker med havregryn og banan. Godt modne bananer gjer seg veldig godt i desse.

Til to porsjonar treng du:

  • 1 egg

  • 1 banan, gjerne overmoden

  • 1 dl havregryn

  • 0,5 dl mjølk

  • 0,5 ts bakepulver

  • 0,5 ts vaniljesukker

  • 1/2 ss smør

Bland saman ingrediensane i ein bolle, eller i blender om du har det. Lat gjerne røra svelle litt på benken før du steiker pannekakene.


Bananbrød

IMG_2762.jpg
  • 2 store bananer, gjerne godt modne

  • 10 ss sukker

  • 187 g mjøl

  • 2 egg

  • 112 g matolje

  • 1 ts salt

  • 1 ts vaniljeekstrakt

  • 0,5 ts bakepulver

Framgangsmåte:

  • Set steikeomnen på 180 grader

  • Bland saman dei turre ingrediensane

  • Mos bananene og tilset egg, matolje og vaniljeekstrakt. Tilset deretter dei tørre ingrediensane.

  • Smør ei brødform og steik bananbrødet i 40-60 minutt.


Fiskegrateng

Klassisk grateng - perfekt om du har fisk til overs.

Til fiskegratengen treng du :

  • 400 g filet fisk, til dømes torsk/laks/andre fiskerestar

  • 100 g makaroni

  • 0,5 stk purrelauk, delt på langs

  • 5 dl mjølk

  • 35 g smør

  • 35 g kveitemjøl

  • 2 stk egg

  • 2 dl panko eller strøkavring

  • Smak til med salt, cayennepepper og muskatnøtt

    Framgangsmåte:

  • Kok makaroni etter anvisning på pakka

  • Vaks og kutt purre i tynne strimler

  • Lag kvit saus; smelt smør i kjele, tilsett mjøl og rør godt inn. Tilset deretter litt og litt mjølk medan du rører godt med visp. Lat sausen småkoke i omslag fem minutt. 0,5 l saus rekk til 3-4 porsjonar grateng - smak til med krydder. Bruk gjerne kokekraft fra fisk.

  • Pisk lett saman egg og rør inn i blandinga.

  • Varm omn til 180 grader

  • Smør ei eldfast form og slå blandinga i - strø over strøkavring

  • Streik i 40 minutt - for ei ekstra sprø skorpe; hell litt smelta smør over når det er 10 minutt at av steiketida.

Server gjerne med dampa poteter, råkost og smelta smør.

Til råkost har me nytta:

  • Raspa gulrot

  • Finsnitta salat (kan bruke kålhovud)

  • Raspa eple

  • Finsnitta paprika

  • Finsnitta raud lauk

  • Pressa sitron

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Prøv cowboypannekaka til Maria Knagenhjelm

Neste
Neste

Slik organiserer Joar familiens kjøleskap