Utlevering av plastsekkar i veke 8 og 9

Mellom 19. februar og 3. mars får alle husstandar utlevert nye rullar.

Kvar bueining får ein rull med plastsekkar til plastemballasje.

Hugs å setje ut behaldarar for våtorganisk avfall, samt papp- og papir for tømming i desse vekene. Om ikkje behaldarane er sett ut, kan du henta gratis på tenestetorget eller miljøstasjonen innan ein månad etter utlevering.

Har du behov for ekstra posar, kan du kjøpa på miljøstasjonen eller i butikk (nokre daglegvarebutikkar skal ha).

NB! Nytt av i år er at bioposar til matavfall ikkje blir levert ut på samme tid, fordi ein no kan knytte ein biopose på behaldaren når som helst, og få ny rull av renovatøren.

Ofte stilte spørsmål om bioposar og plastsekkar

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

God start med eigen ombruksbutikk i Sogndal

Neste
Neste

SIMAS søkjer renovatør/sjåfør i 100 % fast stilling