SIMAS søkjer renovatør/sjåfør i 100 % fast stilling

Vil du hjelpe oss med å få “Ressursar på rett veg”?

Visste du at kvar sogning kastar om lag 400 kg avfall i året? Alt dette er avfall me ønskjer å sjå som ressursar. No treng me ein ny sjåfør/renovatør som skal hjelpe oss med å få “Ressursar på rett veg”.

Sjåførane våre er ein viktig del av den daglege drifta, og handsamar avfall i alle SIMAS sine eigarkommunar; Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Me ønskjer oss deg som ser moglegheiter, tek initiativ og som er glad i å lære nye ting.

Me kan tilby ein variert og kjekk kvardag, kor du vil vere sjåfør på renovasjonsbil og utføre dagleg vedlikehald og ettersyn av bilar og utstyr.

Søknadsfrist 25. februar 2024!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Utlevering av plastsekkar i veke 8 og 9

Neste
Neste

Jobbe hjå SIMAS i sommar? Me søkjer sommarvikarar