God start med eigen ombruksbutikk i Sogndal

Jørn Mortensen i SIMAS er nøgd med engasjementet rundt den nye ombruksbutikken i Sogndal.

- Fleire møblar har blitt seld før eg i det heile har fått prisa dei, fortel berekraftsansvarleg Jørn Mortensen.

Laurdag 27. januar opna den nye ombruksbutikken til SIMAS i Sogndalsfjøra. Eit par veker inn i prosjektet kan me no gledeleg fortelje at det har vore ein veldig god start!

På berre få veker har 69 gjenstandar, hovudsakeleg møblar, fått lengre levetid. Besøkstala i butikken har vore stabile, fortel Jørn Mortensen:

- Det har vore veldig kjekt å sjå fleire møblar bli seld før eg i det heile har fått prisa dei! Me kan no sjå antydingar til kva som er mest populært og vere litt ekstra på utkikk etter dette på miljøstasjonane.

Det som blir selt i butikken, er henta inn frå miljøstasjonane i Sogndal kommune; Dragsvik, Leikanger og Festingdalen. Men det er óg høve til å levere møbler måndagar kl. 14-17 og torsdagar kl. 16-18.

Men Mortensen legg til at butikken gjerne tek imot endå fleire møblar:

- Det har vore litt mindre levering av ombruksartiklar enn me forventa, heldigvis er me framleis i startfasen og ser mot våren då mange ryddar i bod og garasje med positivt blikk.

Her kan du sjå døme på møblar til sals i butikken:

- Blant dei viktigste satsingsområda til SIMAS

Butikken blei opna på grunnlag av at mange har ønskt seg eit SIMAS-tilbod med ombruk nærare Sogndal sentrum.

- Å jobbe med å få til meir ombruk er ein av dei viktigaste satsingsområda til SIMAS. Ved å bruke ting om igjen, reduserer ein behovet for å produsere nye produkt, og ein sparar ressursar og energi, seier Dagny Alvik, direktør i SIMAS.

Saman med Sogndal kommune, har SIMAS fått tilskot av Fylkeskommunen til å starte opp det nye brukttilbodet. Dette er ledd i arbeidet for berekraftig samfunnsutvikling gjennom sirkulære verdikjeder og ombrukstilbod, prosjektet har ei tidsramme på to år.

Les meir om SIMAS sitt ombrukstilbod

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Snart klart for Batterijakten 2024

Neste
Neste

Utlevering av plastsekkar i veke 8 og 9