Slik endrar du avfallsbehaldar på nett

Endre til større eller mindre behaldar for ein av avfallstypane? Her får du oppskrift på korleis du endrar dette sjølv - enkelt på nett.

SIMAS tilbyr behaldarar frå 80 liter til 660 liter. Standard storleik er 140 liter, men du kan endre storleik ved behov. Meir info om prisar og ulike behaldarar finn du her.

Det er enkelt å endre storleik på ein eller fleire av behaldarar via mobil eller PC. Slik går du fram:

Først: Logg deg inn på din konto

  1. Gå til Mi side, og velg knappen “Logg deg inn på Mi side via ID-porten”

  2. Logg inn med din personlege innlogging (Bank ID/Min ID)



Når du har logga deg inn, gjer du følgande:

  1. I oversikten “Mine eigedomar” ser du eigedommane dine, trykk på den aktuelle adressa.

  2. Du får opp ei oversikt med ulike tenester, her vel du “Renovasjon” i lista.

3. Du får opp ei oversikt over alle avfallstypane. Under kvar av dei ser du ein knapp “Vel teneste”, trykk på den under den typen avfall du vil endre behaldar for. Vel deretter “Endre storleik”.

 

4. Fyll inn kva storleik du ønskjer, samt e-post og mobilnummer. Trykk til slutt “TIng”, og du er i mål!

Endring i pris blir justert på neste faktura. Sjå meir om behaldarar og prisar.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Sommartid på miljøstasjonane frå 1. mai

Neste
Neste

Møte i representantskapet til SIMAS IKS, 26. april 2024