Ny rekord for innsamling av glas og metall!
Innsamling og gjenvinning av glas og metall har nådd nye høgder. I 2015 ligg det an til å bli ei auke i innsamla glas og metall på 12 % samanlikna med fjoråret. Over 80 000 tonn syltetøyglas, hermetikkboksar og glasflasker kjem til å verta til nye, nyttige produkt berre i år.
All glas- og metallemballasje som vert samla inn på returpunkta våre vert gjenvunne. Hamnar det i restavfallet får me ikkje fatt i det og det vert ikkje gjenvunne.
Stå på med kjeldesorteringa - det nyttar!