I samarbeid med Fretex

Simas starta 1. februar i år eit samarbeid med Fretex. Innsamlingscontainere for brukte klede og sko er plassert rundt i alle Simas-kommunane. 

25. og 26. september hadde Fretex ein sokalla «pop-up»-butikk framfor kulturhuset i Sogndal. Her stilte me med stand. Det vart eit godt besøkt arrangement der me fikk spreidd informasjon og synleggjort samarbeidet vårt. 

I tillegg til innsamlingsboksane for klede, samarbeida me med Fretex om dunkar til bruk ved makulering av både papir, CD, mobiltelefonar og anna. Me er den utførande parten der me står for utkøyring og innhenting av makuleringsdunkar. Medan Fretex hentar dei hjå oss og behandlar det innleverte materialet. Ta kontakt med Simas om de ynskjer å høyre meir om makuleringsdunkane.

 

Inge Olav Fonn (produksjonsleder Fretex Vest Norge), Per Egelandsdal (Fretex), Geir Øygard (driftsjef i Simas)

Inge Olav Fonn (produksjonsleder Fretex Vest Norge), Per Egelandsdal (Fretex), Geir Øygard (driftsjef i Simas)

Forrige
Forrige

Fretex-behaldar på Hermansverk

Neste
Neste

Ny rekord for innsamling av glas og metall!