Kvifor er glas og metall så verdfullt?

Det kan smeltast om i det uendelege - utan at det går utover kvaliteten.

Artikkel av loop.no.

Kvart år kastar vi omlag 40.000 tonn glas- og metallemballasje i restavfallet. Det er like mykje som 130 millionar syltetøyglas og 300 millionar hermetikkboksar. Når alle desse glasa og boksane hamnar der dei ikkje skal vere, kvart einaste år, forsvinn verdifulle material frå krinsløpet for alltid.

Det krev lite å kjeldesortere glas- og metallemballasje, men det utgjer ein stor skilnad for miljøet.

Spar naturressursar og energi

Å utvinne aluminium er ein krevjande prosess som gjer store klimagassutslepp, men ved å gjenvinne aluminiumen blir han smelta og støypt på nytt. Makrell i tomat-boksane dine kan bli til steikjepanner eller syklar, eller nye boksar med makrell i tomat. Då brukar vi berre fem prosent av den energien som trengs når aluminium blir laga for fyrste gong.

Gjenvinning av glas sparar 41 prosent av energien som må til for å produsere nytt glas. Tenk deg kor mange makrell i tomat-bokser me bruker i Noreg i løpet av eit år, og sleng hermetikkboksar og vinflasker på toppen av den haugen, då blir det tydeleg at gjenvinning kan spare enorme mengder energi. I tillegg unngår vi unødige inngrep i naturen.

FINSORTERT: Glaset blir optisk finsortert så glassverka får akkurat den fargenyansen dei treng til produksjon av nye glasprodukt. Foto: Sirkel.

FINSORTERT: Glaset blir optisk finsortert så glassverka får akkurat den fargenyansen dei treng til produksjon av nye glasprodukt. Foto: Sirkel.

Kvifor er glas og metall så verdfullt?

Det er fleire grunnar til at glas og metall er så verdifullte. Ei orsak er at desse materiala kan ein smelte om i det uendelege, utan at det går utover kvaliteten. Den fyrste aluminiumen som blei tatt ut i 1886, altså då bilen hadde tre hjul og Noreg var i union med Sverige, er framleis i bruk.

Glas og metall er dessutan material som tek spesielt godt vare på det som er inni og oppi. Mat og drikke held seg svært godt på glas, og siden emballasjen er heilt tett er det garantert fritt for farlege stoff som ellers kan smitte over frå emballasjen. Det er ikkje utan grunn at babymat kjem på glas.

Korleis gjenvinn vi glas- og metallemballasje ?

Innsamla glas- og metallemballasje blir sendt ttil Sirkel sitt anlegg på Onsøy utanfor Fredrikstad. Her skil einmetall frå glas med store magnetar, før aluminium og stål blir skilt frå kvarandre. Emballasje som er laga av stål, til dømes hermetikkboksar, blir sendt til smelteverk for å bli ny metallemballasje.

Ein smeltar aluminium og stål til store blokker som igjen blir til nye konstruksjonar eller produkt. Glaset blir optisk finsortert ved at eit kamera les kvar enkelt glasbit. Etter det blir glaset sortert etter fargenyanse, på bestilling frå glasverka, så dei kan produsere ny glasemballasje i akkurat den fargen dei ynskjer.

På Onsøy produserar dei óg Glasopor, skumglas av resirkulert glas, som er det mest miljøvenlege fyll- og isolasjonmaterialet på marknaden.

 
 

FAKTA

Kva er vitsen? Ved å levere glas og metall til gjenvinning tek du vare på ressursane og unngår unødige klimagassutslepp.

Korleis sortere? Skyl glas- og metallemballasjen så snart den er tom. Har emballasjen lokk kan du fylle den halvfull med kaldt vatn, skru på lokket og riste for å fjerne mest mogleg av matrestane. Du kan eventuelt ta ein sveip med oppvaskbørsten.

Kva bør eg hugse på? Kjøkkenutstyr i metall, jern, keramikk, porselen, steinty og krystall skal du ikkje sorteres saman med glas- og metallemballasje. Desse produkta består av andre material som kan øydeleggje for gjenvinningsprosessen.

Kor mykje gjenvinn vi? 100 prosent av glas- og metallemballasjen du leverar inn blir til nye produkt.

Kven har ansvaret? Sirkel er ansvarlege for gjenvinning av glasemballasje, og Norsk Metallgjenvinning er ansvarlege for gjenvinning av metallemballasje i Noreg.

Kva blir det til? Aluminium kan bli til steikepanner og syklar, eller ny emballasje. Stålet kan gå inn i verktøy, spikar, skruer og stålkonstruksjonar i bygg. Glasemballasjen blir mellom anna til vinflasker, middags- og syltetøyglas, og til isolasjonsmaterialet Glasopor.

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

– Den beste sommaren me har opplevd

Neste
Neste

Miljøstasjonen i Festingdalen stengd onsdag