– Den beste sommaren me har opplevd
Abonnentane våre fortener skryt. Hyttecontainerane har aldri sett so bra ut som i sommar.
Nokon trur at hyttecontainerane våre er ein miljøstasjon der dei kan setje frå seg både målingsspann, tørkestativ og barnevogner. Desse personane får ufortent mykje merksemd. Me veit at mange er flinke til å nytte containerane slik dei skal nyttast – til hushaldsavfall av hytteeigarar som betalar for hytterenovasjon.
– I sommar har me opplevd mykje mindre forsøpling rundt containerane enn me pleier. Eg trur det må vere den beste sommaren me har opplevd. Det er veldig gledeleg, fortel Hallvard Thomassen, direktør i Simas.
– Det betyr at abonnentar våre er flinke. Dei nyttar hyttecontainerane til hushaldsavfall og etterlet seg ikkje avfal i naturen. Er containeren full, gir dei beskjed. Tusen takk, må eg berre sei. Fortset slik. Me blir utruleg glad når me ser kor bra det kan fungera, seier Thomassen.
Folk kjem betre førebudde
Også på miljøstasjonane har me merka betring i sommar. Det har vore mykje trafikk og det verkar som mange har nytta koronasituasjonen til å rydde heime og pusse opp. Me opplever at dei aller fleste er flinke til å overhalde smittevern og reglar.
– Mange har blitt flinke til å sortere avfallet på hengar eller i bil før dei kjem på stasjonen, seier Kenneth Teigen, fagansvarleg miljøstasjonar.
Det synast me er gledeleg. Ikkje berre blir det meir effektivt, det vert òg billigare for deg som kunde.
– Ved god sortering på forhand kan ein lettare trekke frå gratisfraksjonar, som til dømes papir. Dette let seg ikkje gjere når alt ligg blanda, fortel Teigen.
Har du tilbakemeldingar til oss, set me pris på det.