Alv frå Aurland vann 10.000 kroner

Det er med stor glede me kan meddele at ein ny Sogning har vunne i Returkartonglotteriet!

Alv Loven vann 10.000 kr i første trekninga av lotteriet i 2024. Då eg ringde for å gratulera, fortalde Alv at dei i heimen hadde vurdert å gje seg med namn og nummer på kartongane- det er eg glad for at dei ikkje hadde gjort, fortel Jørn Mortensen, ansvarleg for trekningar i Sogn. Det er utruleg hyggeleg å få informera om slikt legg den trekningsansvarlege til.

Gratulerer so mykje med gevinsten og takk for at de kjeldesorterer!

Slik deltar du: Skriv namn og nummer på ein kartong eller kartongkubbe og sorter som vanleg- så er du med i trekninga! Det er enno tre sjansar for å vinna i 2024.

Forrige
Forrige

SIMAS-jubileum: 30 år med renovasjon i Sogn

Neste
Neste

Snart klart for Batterijakten 2024