Plastemballasje

 

Plastemballasje skal i eigen plastsekk som du set ut i lag med behaldaren for papp og papir.

Sjå Kvalitetsveileder plastemballasje

 

Slik gjer du det

Kvart år (ila mars/april) får du utlevert ein rull med gjennomsiktige sekkar til plastemballasje. Treng du fleire, kan du kjøpe på næraste miljøstasjon eller kommunehus.

  1. Matrestar som ikkje kan etes, sorterer du som matavfall.

  2. Skyl emballasjen i kaldt vatn og hjelp til med oppvaskbørsten om det er nødvendig. Flasker kan du fylle med vatn og riste.

  3. Rist emballasjen drypptørr, eller la den tørke litt. Mykje vatn med emballasjen kan gjere at det dannar seg mugg, i tillegg til at unødvendig mykje vatn blir transportert.

  4. Samle all plastemballasje i sekken.

  5. Sekken skal setjast ut i lag med behaldaren for papp og papir, og blir henta av renovasjonsbilen.


—> Typiske ting du sorterer som Plastemballasje:

Fisk- og kjøttvareinnpakning i plast, Berepose i plast, Sjampoflaske, Druebeger, Isboks, Bobleplast.

—> Typiske ting du ikkje sorterer som Plastemballasje:

Tilgriset emballasje, Plastprodukter, Vedsekk, Blandingsemballasje.

 
  • Cellofan og plast kan likne på kvarandre. Prøv vritesten for å finne ut om den knitrete, blanke folien er det eine eller det andre. Opnar folien seg etter du har vridd på den, er folien plast. Opnar den seg ikkje, er den cellofan. Plastfolie sorterer du som plastemballasje. Cellofan er laga av cellulose, og du kastar den i restavfallet.

    Cellofan er i dag lite brukt. Mange kallar knitrete plast for cellofan, mens dette eigentleg er plastemballasje. Innpakningar til blomsterbukettar og kakelotteri i dag er i all hovudsak plastemballasje.

  • Emballasje som er satt saman av ulike materialar, som plast og papir eller plast og aluminium, kan ikkje gjenvinnes saman med plastemballasjen. Er det enkelt å skilje materialane frå kvarandre, for eksempel papiret og plasten frå ein brødpose, kan du sortere papiret og plasten kvar for seg. Er det vanskeleg å skilje materialane frå kvarandre, for eksempel ein chipspose, kastar du emballasjen i restavfallet.

  • Fjern papir som det er lett å ta av, for eksempel papiret rundt kjøttpakka. Dersom det er mykje papir på plasten, er det ein risiko for at maskinane på gjenvinningsanlegget leser emballasjen som papir, og avviser produktet i sorteringsprosessen. Etikettar som er klistra på emballasjen kan du la sitte på.

  • Noko plastemballasje kan det være vanskeleg å få tom for restar, for eksempel posen med marinerte kyllingklubbar. Får du ikkje bort restane med kaldt vatn og ein sveip med oppvaskbørsten er det best å kaste emballasjen i restavfallet.

  • Restar og matsøl skaper fukt, mugg og bakteriar, som øydelegg for gjenvinninga av plastemballasje og gjer dårlege arbeidsforhold for dei som jobbar med gjenvinninga.

  • Svart plastemballasje sorterer du som plast. Den kan være vanskeleg å sortere ut om den inneheld fargepigmentet “carbon black”. Nokre anlegg greier det i dag, men ikkje alle. Teknologien utvikles slik at sorteringa blir enda bedre. I tillegg jobbar Grønt Punkt Norge med produsentane for at dei skal vel annan emballasje enn svart.

  • Biobasert plast sorterer du som plastemballasje, mens bionedbrytbar og komposterbar plast skal i restavfallet.

    Biobasert plast har kjemiske eigenskapar som er lik tradisjonell plast, difor oppfører den seg likt ved gjenvinning.

    Bionedbrytbar og komposterbar plast vil øydeleggje kvaliteten på produkt som blir laga av gjenvunnet plast. Emballasjen er ofte merka dersom den er ein av desse typane.

    Sjølv om namnet til desse nye plasttypane kan gje inntrykk av at dei kan bli kasta og bryt ned i naturen, blir både biobasert plast og bionedbrytbar plast til mikroplast når den hamner i naturen.

Kjelde: Sortere.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Papp, papir og kartong