Farleg avfall

Avfall som inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Farlig avfall blir handtert slik at miljøgifter ikkje lekk ut i naturen og skader menneskjer, dyr og miljø.

 

Farleg avfall skal være merka med faresymbol. Er du i tvil om noko er farleg avfall er det best å ikkje ta sjansar: lever det uansett som farleg avfall på næraste gjenvinningsstasjon. 

Slik gjer du det

  1. Ha ein fast plass der du samlar farleg avfall. Du kan få ein raud oppsamlingsboks hjå SIMAS.

  2. Lever det farlege avfallet i originalemballasjen om mogleg. Du kan også bruke ein annan emballasje og skrive på kva den inneheld.

  3. Lever til næraste gjenvinningsstasjon.


—> Typiske ting du sorterer som Farleg avfall:

Måling, Naglelakk, Bilolje, Sprayboks.

—> Typiske ting du ikkje sorterer som Farleg avfall:

Ammunisjon og eksplosiv, Udetonert fyrverkeri, Våpen, Medisinrestar.

 
  • Lever det som farleg avfall. Om du er i tvil, er det best å ikkje ta sjansar, da er du sikra at miljøfarleg stoff ikkje lekk ut i naturen.

  • Dette leverer du som farleg avfall. Lever også den tomme emballasjen som farleg avfall dersom den er merka med eit eller fleire faremerke.

    Her finn du ein oversikt over faremerka, med informasjon om kva merka betyr og korleis du handterer innhald og emballasje.

Kjelde: sortere.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

EE-avfall

Neste
Neste

Asbest