Søk fritak/endring i gebyret

I SIMAS-kommunane er det tvungen renovasjon og slamtømming jf. renovasjon- og slamforskrift (§ 4, jf. § 2). Dette inneber at dersom ein eig ein eigedom der det er registrert gebyrpliktige bygg, er eigar av eigedomen pålagd å betale eit gebyr pr. eining til SIMAS, jf. § 17 og § 3.

Gebyrpliktige bygningar er mellom anna bustadhus og fritidshus som hytter.

  • I lov av 13. mars 1981 om vern mot forurensninger og om avfall vart det bestemt av Stortinget at kommunane hadde ansvar for innsamling av avfall frå privatpersonar. Luster, Sogndal, Lærdal, Aurland, Vik og Høyanger gjekk saman for å få til eit samarbeid om denne innsamlinga. Slik vart SIMAS IKS oppretta. SIMAS-forskrifta var gjeven med heimel i forurensningsloven §§ 9, 26, 30-34, 37, 79, 83 og 85 for å sikre den praktiske gjennomføringa av avfallshandteringa.

  • Renovasjon- og slamgebyret skal fullt ut dekkje kostnadane med innsamling, transport, mottak, oppbevaring, behandling, etterkontroll mv. av avfallet og slammet, jf. § 17. Dette inneber at jo færre som er med på å betale for drifta av innsamlinga, jo dyrare vert det for den enkelte. Etter forskrifta er det difor bestemt at ein abonnementeining skal betale eitt gebyr. Til dømes skal ein eigedom med eitt hus betale eitt fastset standardgebyr, ein eigedom med to hus skal betale to fastsette standardgebyr osv.

    Ved fastsetjing av gebyr held SIMAS seg til offentleg eigedomsregister, matrikkelen. Det vil sei at det er matrikkelen som er avgjerande for kva type- og tal abonnement ein eigedom skal vere registrert med. Ved å basere renovasjonsgebyret på tal abonnementeiningar kan me nytte matrikkelen som ei objektiv og sikker kjelde. Det er når SIMAS har eit sikkert og objektivt informasjonsgrunnlag at det er mogeleg å sikre likebehandling av forskrifta.

  • Abonnentar som kan dokumentere at det ikkje vert produsert hushaldningsavfall i huset/hytta vil kunne få fritak for renovasjon- og slamgebyr. SIMAS har gjeve nærmare retningsliner for kva dokumentasjon som er vert kravd.

    Vedtak om endring av renovasjonsgebyr vert gjort gjeldande frå og med fyrste heile månad etter at SIMAS har motteke fullstendig søknad om endring der godkjend dokumentasjon på at det ikkje vert produsert hushaldningsavfall i eininga. Endringa kan tidsavgrensast.

    NB! Søkjar må vere tinglyst eigar av eigedomen eller ha fullmakt (t. d. skifteattest).

  • Ved søknad om fritak, kan godkjend dokumentasjon mellom anna vere:

    • Skriftleg fråsegn frå straumleverandør på at abonnementet er avslutta

    • Dokumentasjon på låg straumforbruk i eininga

    • Vassmålar som syner 0 eller lågt forbruk

    • Bilete av eininga/huset

    • Dokumentasjon på eigar har flytta på omsorgsbustad/institusjon