Avfalls- og sorteringsguide på ulike språk

Her finn du ein enkel oversikt over kvar du skal kasta ulike typar avfall. Om du ikkje finn det du lurar på, søk på sortere.no.

Me minner om

  • Behaldarane må vere framsette før kl. 07.00 tømmedagen
  • Lokket skal vere heilt att, overfylte behaldarar vert ikkje tømde
  • Bioposar vert utleverert på renovasjonsruta ein gong i året, sjå avfallskalender
  • Ekstra bioposar kan kjøpast hjå kommunen, næraste miljøstasjon eller i daglegvarebutikkar
  • Plastknytesekker vert utlevert på renovasjonsruta ein gong i året
  • Plastknytesekker får ein gratis på miljøstasjonen eller tenestetorget i kommunen
  • Har du mykje restavfall, kan du kjøpa ekstra sekk til restavfall og levera på renovasjonsruta. Sekken får du kjøpt på tenestetorget i kommunen og på miljøstasjonen