Anita Stølen er vinnar av julekonkurransen

Nesten 50% av all maten me kastar i Sogn kunne vore eten. I årets julekonkurranse på Facebook spurde me sogningane om tips for å unngå å kaste mat i jula.

Anita Stølen frå Leikanger gjekk av med sigeren. Hennar tips var å planlegge matlaginga betre for å redusere matsvinn i jula. Ho vinn boka “Kunsten å ikke kaste mat” og 2 stk kinobillettar til nærmaste kino i Sogn.

Her er nokre av dei andre råda me fekk:

  • Bruk sansene - lukt og kjenn på maten før du evt kastar

  • Ta vare på det som blir til overs og lag restemiddag

  • Lag krutongar av tørt brød og skalkar - kjempegodt til salat og suppe

  • Ikkje lag så mykje mat at den ikkje blir eten opp

  • Planlegg måltida betre, kjøp berre inn det du treng

  • Poteter til overs gjer seg godt i omelett neste dag

  • Ta med småkaker på jobb etter jula, då forsvinn dei fort ;)

  • Fiskemat og kjøt kan bli godt pålegg neste dag

Tusen takk til alle som engasjerte seg i julekonkurransen vår på Facebook.

> Finn ut meir om korleis du kan bli ein matreddar

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ny tømmedag for ein del SIMAS-abonnentar

Neste
Neste

SIMAS hentar juletreet ditt i januar