Triks for å unngå at avfallet frys fast
Renovatøren får ikkje med seg avfall som har frose fast i dunken.
Når det vert kaldare i vêret kan avfallet ditt fryse fast i dunken. Dette gjeld særleg våtorganisk avfall. Om avfallet er frose fast i dunken, får ikkje renovatøren med seg avfallet ditt, men det vert liggande att i dunken. Renovatøren skal ikkje ta i innhaldet i dunkane grunna helsemessige omsyn, og dermed vert avfallet som ikkje fell ut av seg sjølv verande att i dunken.
Tips for å unngå at avfallet frys fast
Legg ei avis, eggekartong, bark, strø eller flis i botn på dunken.
Legg gjerne tørkepapir eller avispapir oppi saman med avfallet, for å trekke til seg litt av fukta.
Syt føre at biposen er knytt skikkeleg saman.
Pass på at loket på papirdunken er skikkeleg attlate. Då kjem det ikkje fukt i papiret.
NB! Hugs å måke og strø slik at renovatøren kjem seg fram.