Nytt frå SIMAS: App og Mi side
SIMAS har gjennom hausten jobba med to nye produkt som me ynskjer å presentere for dykk. Ein heilt ny "app" for smarttelefonar og ei nettbasert løysing som gir dykk innsyn i kva de er registrert med av kommunale tenenster hjå oss. Sjekk dei ut!
Min Renovasjon
Me har gleda over å presentere vår heilt nye «app»! Applikasjonen heiter Min Renovasjon og gjev:
oversikt over returpunkt
varsling når du skal ha tømming
informasjon om kva som skal sorterast kor
informasjon om miljøstasjonane
mogelegheit for å sende melding direkte frå appen til SIMAS
Søk opp di kommune og legg til di gateadresse eller gards- og bruksnummer. Du får no tilgang til kalenderen som viser dine aktuelle tømmetidspunkt.
Under oversikta over tømmetidspunkta kan du legge inn alarm som varslar om føreståande tømming og kva fraksjon som skal tømmast. Legg inn ynskja klokkeslett og vel om du ynskjer varslinga dagen før eller same dag som tømminga.
Mi side
Me tilbyr no den nettbaserte løysinga Mi side for våre hushaldningsabonnentar. De finn direkte lenke frå vår heimeside www.simas.no. Ein loggar seg inn med MinID eller BankID. Sida gjev oversikt over kva slags renovasjons- og slamabonnement ein er registrert med.
Ein kan finne:
Tidligare fakturerte gebyr
Kva slags gebyr ein er registrert med
Kva dunkar ein har, og storleiken på dei
Om ein er registrert med samarbeid om dunkar, og eventuelt med kven
Tømmekalender
Matrikkelinformasjon om eigedomen
Slamtankens storleik og type