Endre behaldar? Gjer det digitalt på Mi side
SIMAS tilbyr behaldarar frå 80 til 660 liter. Ønskjer du å endre, kan du no gjere det enkelt via Mi side på PC eller i mobilappen.
Tidlegare måtte ein fylle inn kontaktskjema eller ringe SIMAS for å endre behaldar. No har me gjort det enno enklare, ved at ein kan logge inn på Mi side. Du kan logge inn anten via nettlesar på mobil eller PC, eller via mobilappen Min Renovasjon.
Dette er óg ei tryggare løysing, fordi det krev innlogging med ID-porten.