Slik kan du bruke opp restane frå julematen
Ikkje kast restar av ribbe, pinnekjøt eller peparkaker som er til overs etter jula. Gje dei heller nytt liv som eit smakfullt måltid!
Det finst mane gode restematoppskrifter for julemat.
Pinnekjøt i vaffel?
Kva med å lage ribbesmørbrød, betasuppe med pinnekjøtt eller pinnekjøtt i vaffel? Eit enkelt søk på nettet eter “julematrester” gjev deg mange gode tips og oppskrifter.
I den digitale oppskriftsboka til Matvett kan du óg søke på ulike ingrediensar og få forslag til oppskrifter. Dette passar godt viss du har spesielle matvarer til overs.
>> Sjå oppskrifter med julematrestar hos MatPrat
Julekaker som nye desserter
Ofte sit ein igjen med julekaker til overs når jula er over. Då er me kanskje litt lei av julemat, men det betyr ikkje at kakene treng å gå i boset! Kva med å bruke julekakene som ostekakebotn eller tilslørte bondepiker?
>> Sjå oppskrifter med rester av julekaker hos MatPrat
Gje vekk etelege gåver
Fekk du etelege gåver til jul, som du ikkje kjem til å ete sjølv? Bytt eller gje dei vidare til nokon som kan få glede av dei. Det er mykje betre enn at dei blir liggande i eit skåp og til slutt må kastast.