Back to All Events

Simas IKS søker mekanikar/driftsoperatør


Vi treng flinke folk til å ta ansvar for vedlikehald på maskiner, lastebilar og containerpark m.m.. Søknadsfrist 23. januar.

SIMAS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane i Sogn. Selskapet har som formål å handsama avfall frå hushaldningar og verksemder.

Hovudoppgåver for stillinga:

  • Ansvar for vedlikehald på maskiner, lastebilar, containerpark m.m.

  • Ansvar for opparbeiding av rutinar og orden på verkstad.

  • Skal jobba aktivt for implementering av vedlikehald i vårt kvalitetssystem. 

  • Stillinga inneber også andre oppgåver som ekstrasjåfør på CE, samt maskinførar internt i Festingdalen.

  • Rapporterer direkte til arbeidsleiar.

Ynskjeleg utdanning/praksis:

  • Utdaning/fagbrev:

    • Bilmekanikar, tunge køyretøy.

    • Landbruks-/anleggsmekanikar.

  • Sertifikat kl. CE, truckførarbevis og maskinførarbevis.

  • Grunnleggjande IT-kunnskap.

For stillinga søkjer me etter personar som:

  • Ser mogelegheiter og tek initiativ til forbetringar.

  • Er strukturert, systematisk og har ein planmessig tilnærming til arbeidet.

  • Er tydeleg og målretta.

  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre.

  • Er villig til å setje seg inn i nye ting.

  • God kommunikasjonsevne, skriftleg og munnleg.

  • Kan ta eit ekstra tak når det trengs.

Me kan tilby:

  • Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn.

  • Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing.

  • Løn i.h.t. eigen lønstabell med pensjonsordning i KLP.

Spørsmål til stillinga rettast til:

Driftssjef Geir Øygard: 57 67 69 90/ 911 12 321

Arbeidsleiar Gunnar Barsnes Onarheim: 57 65 70 53/ 41 14 52 10

Søknad med CV skal sendast til: post@simas.no eller Simas IKS, Festingdalen 368, 6854 Kaupanger.

Søknadsfrist 23. januar 2019.