Back to All Events

Simas IKS søker driftsoperatør


Vi treng fleire dyktige folk til dagleg drift av miljøstasjon m.m.. Søknadsfrist 23. januar.

SIMAS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane i Sogn. Selskapet har som formål å handsama avfall frå hushaldningar og verksemder.

Hovudoppgåver for stillinga:

  • Dagleg drift av miljøstasjon.

  • Handtering av elektronisk betalingssystem og kundebehandling.

  • Skal sørge for drift av miljøstasjonar iht. til løyve frå Fylkesmann.

  • Utlevering/innhenting av avfallsbeholdere.

  • Utføre ulike mindre transportoppdrag.

  • Rapporterer direkte til fagansvarleg miljøstasjon.

  • Turnusordning på arbeidstid, grunna drift av miljøstasjonar i ulike kommunar.

Ynskjeleg utdanning/praksis:

  • Sertifikat kl. B, C, truckførarbevis og maskinførarbevis.

  • Erfaring innan renovasjon/miljøstasjon.

  • Grunnleggjande IT-kunnskap.

For stillinga søkjer me etter personar som:

  • Ser mogelegheiter og tek initiativ til forbetringar.

  • Er strukturert, systematisk og har ein planmessig tilnærming til arbeidet.

  • Er tydeleg og målretta.

  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre.

  • Er villig til å setje seg inn i nye ting.

  • God kommunikasjonsevne, skriftleg og munnleg.

  • Kan ta eit ekstra tak når det trengs.

Me kan tilby:

  • Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn.

  • Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing.

  • Løn iht. eigen lønstabell med pensjonsordning i KLP.

Spørsmål til stillinga rettast til:

Driftssjef Geir Øygard: 57 67 69 90/ 911 12 321

Fagansvarleg miljøstasjon Kenneth Teigen: 57 65 70 77/ 922 69 531

Søknad med CV skal sendast til: post@simas.no eller Simas IKS, Festingdalen 368, 6854 Kaupanger.

Søknadsfrist 23. januar 2019.

Earlier Event: January 10
Simas IKS søker mekanikar/driftsoperatør
Later Event: January 30
SIMAS søkjer sommarvikarar